Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 13

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "Eg er usamd med deg".
Kinesiske skriftteikn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 看到 kàndào og resultative komplement

今天我在公园散步的时候看到了一件有意思的事情。
Jīntiān wǒ zài gōngyuán sànbù dei shíhou kàndào le yí jiàn yǒu yìsi dei shìqing.

I setninga over betyr 看到了一件有意思的事情 kàndào le yí jiàn yǒu yìsi dei shìqing "fekk auge på ei morosam sak/ting". I 看到 kàndào blir dào brukt som eit såkalla resultativt komplement (meir om dette i Kinesisk 2 leksjon 2.). Eigentleg betyr kàn "å kikke" ikkje nødvendigvis "å sjå" (at ein faktisk får auge på noko), og på kinesisk treng ein vanlegvis eit såkalla komplement til å spesifikt uttrykkje at ein faktisk oppfattar noko når ein kikkar. dào er her grammatikalisert og blir brukt bakpå verbet kàn for å uttrykkje nettopp dette. Samanlikn:

Verb

Betydning

Verb + komplement

Betydning

kàn

å kikke

看到 kàndào

å sjå

tīng

å lytte

听到 tīngdào

å høyre

zhǎo

å leite

找到 zhǎodào

å finne

I same setning blir partikkelen brukt le, som blir plassert etter eit verb (i dette tilfellet verb + komplement, kàn + dào) for å uttrykkje at handlinga er gjort/utført. Det er ofte naturleg å setje om slike setningar med har + perfektum partisipp av verbet, til dømes "har spurt". Det er likevel ikkje nødvendigvis snakk om fortid sjølv om le er til stades på kinesisk. Du kan lære meir om dette i Kinesisk 2, leksjon 1.

2. Durativt aspekt

他们都拿着孩子的照片。
Tāmen dōu názhe háizi dei zhàopiàn.
"Dei held alle bilete av barna (sine)."

I setninga over finst partikkelen zhe etter verbet . Partikkelen zhe, som uttrykkjer såkalla durativt aspekt, betyr at handlinga "å ta" (dynamisk) held fram kontinuerleg og dermed får betydninga "å halde" (statisk). Samanlikn:

你为什么看着我? Nǐ wèishénme kànzhe wǒ? – "Kvifor ser du på meg (utan å stoppe) / stirar du på meg?"

我就在这儿站着。 Wǒ jiù zài zhèr zhànzhe. – "Eg blir ståande her."

3. gěi som preposisjon

有一次我妈妈给我介绍了一个男朋友。
Yǒu yí cì wǒ māma gěi wǒ jièshào le yí ge nánpéngyou.

gěi kan i tillegg til verbet "å gi" òg ha betydninga (som preposisjon) "til". Det uttrykkjer kven som er "mottakaren" av ei gitt handling. Samanlikn:

Preposisjon

Mottakar

Handling

Omsetjing

gěi

介绍 jièshào

introdusere til meg

gěi

打电话 dǎ diànhuà

ringje til meg

gěi

解释事情 jiěshì shìqing

forklare til/for meg

4. 只要 zhǐyào og 跟…(没)有关系 gēn ... (méi) yǒu guānxi

我的男朋友只要我喜欢就行了(1),跟我父母没有关系!(2)
Wǒde nánpéngyou zhǐyào wǒ xǐhuan jiù xíng le (1), gēn wǒ fùmǔ méi yǒu guānxi! (2)

(1)只要 zhǐyào kan omsetjast med "så lenge A, så B" og brukast til å uttrykkje ein naudsynt føresetnad. 只要 zhǐyào kan kome både føre og etter subjektet i første leddsetning. Samanlikn:

  1. 只要他好好儿读书,他就能成功。Zhǐyào tā hǎohaor dúshū, tā jiù néng chénggōng. – "Så lenge han studerer bra, så kjem han til å lykkast."
  2. 你只要告诉我几点,我一定会来! Nǐ zhǐyào gàosu wǒ jǐ diǎn, wǒ yídìng huì lái! – "Så lenge du seier klokkeslett, så kjem eg definitivt!" (eller: "Du treng berre å seie når, så møter eg opp!")

Vanlegvis blir andre leddsetning innleidd med ein bindande konjunksjon, vanlegvis jiù som i det første eksempelet over.

(2) Det følgjande uttrykket 跟我父母没有关系 gēn wǒ fùmǔ méi yǒu guānxi – "gjeld ikkje foreldra mine" har eit ofte brukt mønster (跟…没有关系 gēn ... méi yǒu guānxi), som betyr "gjeld ikkje ..." eller "er ikkje ... si sak". gēn betyr "med" og må stå føre den/det som noko gjeld eller ikkje gjeld. 关系 guānxi åleine betyr ordrett "samband". Merk at uttrykket over blir brukt oftare i negativ form og kan høyrast nokså direkte ut.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

Leksjon 13: Eg er usamd med deg