Hopp til innhald

Fagstoff

Haldningar til legemiddelbruk

Som helsefagarbeidar møter du mange ulike brukarar og pasientar som treng hjelp til å administrere legemiddel for sjukdommar og plagar. Haldningane dine viser seg i yrkesutøvinga di, og det er viktig at du møter kvar enkelt med respekt.
Hand med tablettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull hjelp

Pasientar har rett til nødvendig helsehjelp og til brukarmedverknad ved behandling. Det inneber at dei sjølve kan medverke i avgjerder om forhold som gjeld dei sjølve, til dømes legemiddelbehandling. Du som helsefagarbeidar er forplikta til å utføre arbeidet ditt i samsvar med kravet om fagleg forsvarlegheit. Du skal òg gi omsorgsfull helsehjelp ut frå kva som kan forventast ut frå kvalifikasjonane og ansvarsområdet til helsefagarbeidaren.

Haldningar

Haldningar handlar om korleis du tenker, føler og handlar positivt eller negativt overfor andre. Haldningane dine til brukarar og pasientar blir viste ved veremåten din, kroppsspråket og korleis du samhandlar med andre. Haldningane heng saman med oppfatningar og meiningar, og haldningane dine utviklar seg og kan endrast gjennom utdanninga di og i yrkesutøvinga. Du vil søke etter ny informasjon, reflektere og halde deg fagleg oppdatert, og dermed får du meir kunnskap om eigne haldningar.

Alle brukarar og pasientar treng å bli sett og høyrte i sin situasjon. Mange har ulike oppfatningar av eiga helse og sjukdom, òg i legemiddelbehandling. Nokon vurderer nytta av å ta legemiddel og kva effekt ein får. Andre har ei negativ haldning til eiga behandling og har ikkje tru på at behandlinga verkar. Enkelte kan òg vere engsteleg for biverknader ved bruk av legemiddel og bekymra for avhengnad og toleranseutvikling ved langtidsbruk. Pasientar vil spørje vener, andre pasientar, familie og helsepersonell om dei har erfaring med legemidla, og ofte kan dei bli påverka av svara dei får. Dette kan føre til at nokon vel å slutte med viktige legemiddel eller at dei sporadisk tek legemiddel ved ulike symptom utan å ha snakka med lege.

Legemiddelbruk i Noreg

Individuelle faktorar som kjønn, alder, kultur, sosiale forhold og økonomiske forhold påverkar òg haldningar til legemiddelbruk. I 2020 nytta kvar nordmann i gjennomsnitt 5 700 kr på legemiddel. Det er ein auke på fem prosent frå året før. Ved utgangen av 2020 hadde apoteka i Noreg selt legemiddel for 30,5 milliardar kroner. Dei reseptbelagde legemidla står for 27,4 milliardar kroner. Forbruket av legemiddel har hatt ein stabil vekst på cirka to prosent årleg.

Det er ikkje tillate å importere legemiddel per post frå utlandet. Både reseptfrie og reseptpliktige legemiddel kan bli stoppa i sendingar frå utlandet. Sjølv om du har fått resept av norsk lege for eit bestemt legemiddel, gir ikkje det deg rett til å kjøpe tilsvarande legemiddel frå utlandet. Legemiddel kan innehalde andre verksame stoff som det ikkje er opplyst om, som i tillegg kan vere ulovlege stoff. Desse kan bli beslaglagde og destruerte av Tolletaten. Ved ulovleg import kan du bli politimeld og meld for brot på legemiddellova eller brot på straffelova som omhandlar narkotika og doping. Legemiddel er strengt kontrollert før godkjenning for sal i Noreg.

To smilande helsefagarbeidarar ved ei pasientseng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eige forbruk av legemiddel

Som helsefagarbeidar er det viktig at du har ei medviten haldning til legemiddelbruk og eige forbruk av alle typar legemiddel. Helsefagarbeidaren er definert som helsepersonell og har pliktmessig fråhald, det vil seie at du ikkje skal ta eller vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida. Legemiddel som er nødvendig på grunn av sjukdom, blir ikkje rekna som rusmiddel, men helsepersonell som tek slike legemiddel, skal snarast orientere arbeidsgivaren sin om dette.

Misbruk av rusmiddel og åtferd som omfattar tjuveri av legemiddel strir mot yrkesutøvinga, og det er den vanlegaste årsaka til at helsepersonell mistar autorisasjonen. Rusmisbruk blant helsepersonell er alvorleg og medfører alvorleg fare for pasienttryggleiken. Det er straffbart og har negative konsekvensar for helsepersonellet. Helsepersonell kan påleggast å gi frå seg utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøve ved mistanke om regelbrot.

Utfordringar til deg

  1. Kva er haldningane dine til pasientar som tek fleire legemiddel?

  2. Korleis kan haldningane dine til legemiddel påverke omsorga du gir?

  3. Kva haldningar har du til eige forbruk av legemiddel?

Kjelder

Bell, H. T., Sletvold, H. & Reppe, L. A. (2016). Manglende etterlevelse –også en bevisst handling. Norsk Farmaceutisk Tidsskrift, 2016(12), 30–32. https://admin.farmatid.no/sites/default/files/nft_nr_12-2016_s_30-32.PDF

Forskrift om tilvirkning og import av legemidler. (2004). Forskrift om tilvirkning og import av legemidler. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2004-11-02-1441

Helsetilsynet. (2021, 8. februar). Reaksjoner mot helsepersonell og påpekte lovbrudd mot virksomheter i helse og omsorgsthenesten i 2020. https://www.helsetilsynet.no/presse/nyhetsarkiv/2021/reaksjoner-mot-helsepersonell-og-papekte-lovbrudd-mot-virksomheter-i-helse--og-omsorgstjenesten-i-2020/

Legemiddellova. (1992). Lov om legemidler m.v. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1992-12-04-132

Pasient- og brukarrettslova. (1999). Lov om pasient- og brukerrettigheter. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-63

Soldal, J. (2021, 3. februar). 5 700 kroner pr nordmann til legemidler i 2020. Apotekforeningen. https://www.apotek.no/nyhetsarkiv/statistikk/5-700-kroner-pr-nordmann-til-legemidler-i-2020

Statens legemiddelverk. (2018, 8. mars). Vær forsiktig med hva du bestiller på nettet [Video]. https://youtu.be/jh8fg2YxoSg

Straffelova. (2005). Lov om Straff. Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-05-20-28

Svartdal, F. (2020, 3. november). Holdning. I Store norske leksikon. https://snl.no/holdning

CC BY-SASkrive av Helene Grotle.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Legemiddelhandtering