Eldre og legemiddel
I dei seinare åra har ein vorte meir merksam på at mange eldre får legemiddel det ikkje er føremålstenleg for dei å nytte. Når ein seier at noko ikkje er føremålstenleg bruk av legemiddel, meiner ein at risikoen ved å nytte legemiddelet er større enn nytteverdien. Det finst med andre ord ikkje "ei pille for alt som er ille", og nokre gonger er ulempene med eit legemiddel større enn plaga ein prøver å behandle.
Ei anna utfordring er å skilje mellom symptom på sjukdom, naturlege aldersforandringar og biverknader. Dette kan resultere i at pasienten endar opp med å nytte fleire ulike legemiddel enn det som strengt teke er nødvendig. Det er derfor svært viktig at du som helsefagarbeidar er observant når ein pasient startar opp med eit nytt legemiddel. Du må observere om legemiddelet har effekt, og om det gir biverknader.
Eldre har ofte fleire sjukdommar og plager, og dei kan som følgje av dette gå til ulike legar. Dette kan resultere i at eldre blir behandla med legemiddel mykje lenger enn det som var tenkt.
Ein viktig indikator på legemiddelbruk som ikkje er føremålstenleg, er talet på legemiddel. Bruk av mange legemiddel aukar i tillegg risikoen for biverknader og interaksjonar med andre legemiddel.
Bruk av mange ulike legemiddel aukar òg faren for at ein nyttar legemidla feil. Tekniske problem kan vere éi årsak til feil bruk. Brukaren kan ha vanskar med å opne pakningar med barnesikring. Personar med artrose, leddgikt, lammingar eller skjelvingar er spesielt utsette. Insulinsprøyter, augedropar og ulike inhalasjonsapparat kan òg vere spesielt problematiske for eldre å administrere.
Nedsett syn eller høyrsel kan bidra til at informasjon om legemiddelbruk ikkje blir oppfatta. I tillegg kan svekt minne vere ei utfordring ved legemiddelbruk. På grunn av dette er det viktig at vi kjenner til kva utfordringar kvar enkelt pasient har, slik at hjelpe- og støtteapparatet i pleie- og omsorgstenesta kan setje inn tiltak for at legemiddelbehandlinga skal bli best mogleg for pasienten.
Ved aukande alder blir kroppssamansetjinga og funksjonen til organa endra. Organa i kroppen er utstyrte med ulik reservekapasitet og evne til å tilpasse seg både aldring og sjukdom. Aldersforandringar oppstår med bakgrunn i genetiske føresetnader og miljøet vi lever i og blir utsette for gjennom livet. I grove trekk skjer det celleskadar som ikkje blir reparerte, og som derfor fører til celledød. Det fører i sin tur til at organ skrumpar, med redusert organfunksjon som konsekvens. Desse endringane påverkar korleis kroppen reagerer på legemiddel.
Nyre og lever
Den største endringa er redusert evne til å skilje ut legemiddel via nyrene. Svært mange legemiddel blir skilde ut via nyrene, og denne endringa har derfor mykje å seie. Ein 80-åring har halvert nyrefunksjon i forhold til ein 20-åring! Evna levra har til å omdanne legemiddel blir òg redusert. Reduksjonen i evna kroppen har til å kvitte seg med legemiddel, kan føre til for høg dose, noko som gir biverknader eller forgiftingar. Eldre treng derfor ofte lågare dosar av eit legemiddel enn andre vaksne.
Evna til å kompensere
I tillegg blir evna kroppen har til å kompensere kraftige effektar av legemiddel, svekt. Til dømes har eldre mindre muskelmasse enn yngre, og svimmelheit og lågt blodtrykk vil ofte føre til fall – gjerne med store konsekvensar for den eldre. Du som helsefagarbeidar må derfor vere ekstra merksam på blodtrykksbehandling hos eldre.
Tørstekjensle
Eldre får ofte redusert tørstekjensle med alderen, og derfor vil dei kanskje ikkje sjølve be om vatn eller drikke nok. Mange får behandling med vassdrivande legemiddel, og då er risikoen stor for at dei kan bli dehydrerte og få andre komplikasjonar som til dømes lågt blodtrykk, svimmelheit eller obstipasjon.
Tørre slimhinner
I tillegg til redusert tørstekjensle har dei eldre ofte tørre slimhinner. Munntørrleik er eit døme på dette, og det kan føre til forseinka effekt av legemiddel som skal løysast opp i munnhòla for å verke, eller at tablettar set seg fast i svelg eller matrøyr. For å forhindre dette er det viktig at pasienten får drikke rikeleg med vatn litt før og ved inntak av legemidla.
Hjernen
Legemiddel som verkar i hjernen, blir tekne lettare opp hos eldre, og dei blir ofte skilde langsamare ut. Døme på slike legemiddel er sovemedisinar og roande eller antidepressive legemiddel. Dette kan resultere i ei "opphoping" av legemidla i hjernen og auka risiko for biverknader. Døme på biverknader av legemiddel som påverkar hjernen, er reduserte reaksjonsevne, auka døsigheit og forvirring. Desse biverknaden kan ofte forvekslast med utvikling av sjukdom som til dømes demens.
Utfordringar til deg
Kva meiner vi med at risikoen ved bruk av eit legemiddel er større enn nytta?
Kvifor kan det vere vanskeleg skilje mellom symptom på sjukdom, naturlege aldersforandringar og biverknader av legemiddel?
Korleis kan nedsett syn eller høyrsel påverke eldre sin bruk av legemiddel?
Romskaug, R. & Bakken, M. S. (2020, 7. januar). Eldre og legemidler. Norsk Legemiddelhåndbok. Foreningen for utgivelse av Norsk legemiddelhåndbok. https://www.legemiddelhandboka.no/g10/eldre_og_legemidler
Wang-Hansen, M. S. (2020, 31. januar). Eldre og legemidler. Kompetansebroen. https://www.kompetansebroen.no/article/eldre-og-legemidler?o=ahus