Legemiddelhandtering i praksis
Kva betyr legemiddelhandtering?
Kven kan dele ut legemiddel?
Kva ansvar har du som helsefagarbeidar ved legemiddelhandtering?
Kva lover og forskrifter handlar om legemiddelhandtering?
Korleis skal rutinar for legemiddelhandtering vere organiserte?
Kva betyr dei fem r-ane ved legemiddelhandtering?
Kva kunnskapar må du ha for å kunne observere verknad og biverknader av legemiddel?
Kvifor er det viktig at helsefagarbeidaren kan observere verknad og biverknader av legemiddel?
Kvar finn du informasjon som omtaler verknad og biverknader av eit legemiddel?
Slå opp i Felleskatalogen på tre valfrie legemiddel.
Kva verknad og biverknader har legemiddelet?
Kva er prisen på legemiddelet?
Test deg sjølv med denne interaktive oppgåva:
Diskuter i gruppa: Kvifor er det viktig at de som helsefagarbeidare er medvitne dykkar eigne haldningar til bruk av legemiddel?
Lag ei spørjeundersøking om haldningar til legemiddel blant medelevane dykkar. Legg gjerne til fleire spørsmål, eller tilpass dei slik at de får svar på det de vil finne ut av. Presenter resultatet av undersøkinga i klassen etterpå.
Forslag til spørsmål:
Kva for nokre reseptfrie legemiddel har elevane i skulesekken?
Kor ofte tek dei reseptfrie legemiddel?
Låner/gir dei bort nokon av legemidla til andre? I så fall kor ofte, og kva legemiddel er det?
Kva kan vere konsekvensar av å låne/gi bort legemiddel til vener og kjende?
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no
Nettside hos kslaring.no