Hopp til innhald

Fagstoff

Ansvaret til helsefagarbeidaren ved legemiddelhandtering

Du som helsefagarbeidar skal observere verknad og biverknad av eitt eller fleire legemiddel. Det er derfor viktig at du set deg inn i kva diagnosar pasienten har, og kva effekt legemiddelet har på symptom og plager.
Kvinne i seng får servert frukt av ein ung, kvinneleg helsefagarbeidar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansvar for handtering av legemiddel

Det er alltid legen som har ansvaret for behandling med legemiddel til pasienten. Du som elev har ikkje ansvar for utdeling av legemiddel. I praksisen din på sjukeheim, i heimesjukepleie eller på sjukehus vil du møte mange pasientar som nyttar fleire typar legemiddel. Hovudansvaret ditt er å observere verknad og biverknader av eitt eller fleire legemiddel.

Det er viktig at riktig pasient som er under behandling får riktig legemiddel, i riktig dose, på riktig måte og til riktig tid. Dette blir òg omtalt som "dei fem r-ane". Eit legemiddel er først utdelt når ein ser at pasienten har innteke det.

Feil i legemiddelhandtering fører kvart år til unødige plager for pasientar, og i nokre tilfelle òg død. Melding om uønskte hendingar er ein del av kvalitetssikringa av legemiddelhandteringa. Tilsette som oppdagar avvik ved legemiddelhandtering, har ansvar for å melde frå om dette, slik at pasienten får nødvendig helsehjelp, og slik at ein kan unngå tilsvarande feil i framtida.

Fagleg forsvarlegheit

Helsedirektoratet er oppteke av å sikre at all legemiddelhandtering som blir gjennomført i verksemder og av helsepersonell som yter helsehjelp, skal vere fagleg forsvarleg, trygg og sikker. Fagleg forsvarlegheit blir retta mot verksemder som har ei plikt til å leggje til rette slik at helsepersonell som utfører tenestene, blir i stand til å overhalde dei lovpålagde pliktene sine. Dette blir òg sett i samanheng med kravet til internkontroll og systematisk arbeid for å vareta pasienttryggleik og kvalitet.

Lover og regelverk

For å sikre sikker legemiddelhandtering er det gitt ei forskrift for legemiddelhandtering for verksemder og helsepersonell som yter helsehjelp til pasientar. Internkontroll med legemiddel betyr at arbeidsplassen skal ha skriftlege rutinar og prosedyrar som beskriv god og sikker legemiddelhandtering. Føremålet er å unngå at det blir gjort feil som kan gi alvorlege konsekvensar for pasienten.

Verksemdsleiar bestemmer kven som skal få ansvar for utdeling av legemiddel, og må sørgje for at helsepersonellet har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter. Verksemdsleiaren skal derfor vurdere kva type kompetanse og kva opplæring personalet treng. Opplæringa skal vere tilpassa dei legemidla som blir delte ut.

Ansvaret ditt som helsefagarbeidar

Ifølgje helsepersonellova har du som helsefagarbeidar eit sjølvstendig fagleg ansvar for å gjere arbeidsoppgåvene dine på riktig måte. Det krevst at du har bestått kurs i legemiddelhandtering. Viss du har fått opplæring i legemiddelhandtering og likevel ikkje kjenner deg kompetent til å utføre oppgåva, har du plikt til å seie i frå. Ein sjukepleiar eller helsefagarbeidar kan ikkje delegere denne oppgåva vidare til anna personell.

Det er ikkje ditt ansvar som helsefagarbeidar å informere pasienten eller pårørande om korleis legemiddelet verkar, eller om biverknader eller bruksområdet for dei ulike legemidla som pasienten nyttar. Dersom du får spørsmål om dette, skal du vise til sjukepleiar, vernepleiar eller lege.

Utfordringar til deg

  1. Kva inneber fagleg forsvarlegheit når det gjeld legemiddelhandtering?

  2. Kva blir meint med at eit legemiddel først er utdelt når pasienten har teke det? Diskuter med ein medelev.

  3. Kva gjer du dersom du blir beden om å gi medisinar til brukarar der du er i praksis? Diskuter i klassen.

Kjelder

Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp. (2008). FOR-2008-04-03-320. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2008-04-03-320

Gombos, A. (2020). Legemiddellære. Fagforbundet. Elektronisk utgåve. https://www.pleiar.no/handbok/legemiddelhandtering/forord

Helsepersonellova. (1999). Lov om helsepersonell m.v. LOV-1999-07-02-64. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-64

Relatert innhald

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

CC BY-SASkrive av Helene Grotle og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021

Læringsressursar

Legemiddelhandtering