Universell utforming gir like moglegheiter
Universell utforming er viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet. Mange produkt og ulike former for tilrettelegging som i utgangspunktet vart utvikla for personar med funksjonsnedsetjingar, fungerer òg godt for alle andre.
Utfordringar til deg
- Kvifor er universell utforming viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet?
- Kva produkt kjenner du til, i tillegg til dei som blir nemnde i filmen, som opphavlege vart utvikla som eit hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetjingar?
- Korleis kan universell utforming av miljøet vere ein fordel òg for personar utan funksjonsnedsetjingar? Gi døme.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020