Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Oppgåve

Julie går i barnehagen der du jobbar

Dette er ein case for fagarbeidaren som skal brukast til å førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.

Case

Du er fagarbeidar og jobbar i barnehage. Der skal du planleggje ein tur i skogen for 5-åringane. På gruppa med 5-åringar er også Julie. Ho har diagnosen utviklingshemming, og ein reknar med at graden ligg mellom moderat og alvorleg.

Julie har lite utvikla språk, men språkforståinga hennar ser ut til å vere ganske god. Dette betyr at Julie forstår mykje av det som blir sagt til henne, men ho har problem med å gi uttrykk for kva ho sjølv ønskjer og vil, kva ho tenkjer og føler. Julie har også forsinka motorisk utvikling, ho har problem med å gå, og ho brukar rullestol når ho skal bevege seg over større avstandar.

Spørsmål

  1. Kva for førebuingar bør gjerast i forkant av turen?

  2. Er det noko spesielt ein bør ta omsyn til når det gjeld Julie?

  3. Korleis kan du bruke turen til å auke samspelet mellom barna, slik at Julie også blir inkludert?

  4. Kan du komme med forslag til ulike aktivitetar som alle kan meistre?

CC BY-SA 4.0Skrive av NAKU. Rettshavar: NAKU
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022