Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Fagartikkel

Utviklingshemming

Utviklingshemming eller psykisk utviklingshemming er ei nemning på medfødd eller tidleg erverva kognitiv svikt. Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) brukar no konsekvent nemninga "utviklingshemma" for å unngå misforståingar og samanblanding med psykiske sjukdommar.

Utviklingshemming er ei samlenemning for ei rekke ulike tilstandar eller diagnosar. Felles kjenneteikn er at evna til å lære og til å klare seg i samfunnet, er meir eller mindre redusert.

Kognitiv svikt fører til at funksjonar som tenking, merksemd, minne, læring og språkforståing er reduserte.

Diagnostiske kriterium

Det er tre diagnostiske kriterium for å kunne gi den medisinske diagnosen psykisk utviklingshemma:

  • redusert mental funksjon
  • mangelfull tilpassing
  • tilstanden har vist seg før personen fylte 18 år

Klassifisering

Innan medisinen er det nå vanleg å klassifisere psykisk utviklingshemming i fire kategorier:

  • lett
  • moderat
  • alvorleg
  • djup

Årsaker

Utviklingshemming kan ha mange årsaker.

  • kromosomfeil
  • stoffskiftesjukdommar
  • infeksjonar og sjukdommar som raude hundar under svangerskapet
  • fødselsskadar som til dømes for tidleg fødsel og låg fødselsvekt
  • etter fødselen kan det vere skadar i samband med sjukdommar som hjernehinnebetennelse, hjernebetennelse eller skadar ved ulykker

Lett utviklingshemming

Personar med ei lett utviklingshemming vil trenge lengre tid til å lære og å utvikle ulike funksjonar. Dei vil ha problem med abstrakte omgrep og å setje seg inn i korleis andre tenker. Dei vil kunne lære å lese, skrive og enkel rekning, men oppgåver der mange faktorar spelar saman, vil vere vanskeleg å takle. Desse barna skil seg ikkje mye frå andre barn dersom dei vert møtte med forståing.

Moderat utviklingshemming

Personar med ei moderat utviklingshemming vil ha vanskar med å generalisere. Dei er avhengige av det konkrete. Dei kan teknisk lære å lese, men tolkninga av det dei les, kan vere vanskeleg. Dei forstår nærmiljøet sitt ut frå eigne røynsler og konkrete opplevingar, men tid kan vere vanskeleg å forstå.

Utfordringar til deg

  1. Kva er utviklingshemming?
  2. Kva for tre diagnostiske kriterium finst for å kunne seie at eit menneske er psykisk utviklingshemma? Drøft kva kriteria betyr.
  3. Nemn nokre årsaker til utviklingshemming.
  4. Kva må du som fagarbeidar ta omsyn til når du skal kommunisere med brukarar som har ei utviklingshemming?

Relatert innhald

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Helene Holand.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2022