Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Film og filmklipp

Målretta miljøarbeid

Målretta miljøarbeid handlar om planlagt, tilrettelagt og systematisk bruk av miljøet i arbeidet med brukarar av helse- og omsorgstenester. På Ragna Ringdals dagsenter nyttar personalet ulike aktivitetar for å skape oppleving av meining og meistring for personar med psykisk utviklingshemming .
Video: Terranova Media / Avgrensa bruksrett

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at aktivitetar er meiningsfylte og skaper oppleving av meistring?
  2. Korleis påverkar meistring sjølvkjensla til brukarane?
  3. Kvifor blir samspelet mellom dei ulike brukarane vektlagt i det målretta miljøarbeidet?
CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022