Hopp til innhald

Fagstoff

Førebyggjande arbeid

Førebyggjande arbeid tek sikte på å utvikle tiltak som kan føre til ein reduksjon i sjukdommar, skadar, sosiale problem, dødelegheit og risikofaktorar. Det er betre og billegare å førebyggje enn å reparere og behandle skadar og sjukdom.
Baby i gul body som blir teken blodprøve av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norske barn er blant dei friskaste i verda, men har likevel sjukdom og helseutfordringar. I dette arbeidet har helsestasjonane og skolehelsetenesta eit veletablerte tilbod. Allereie første veka får mor og barn ei vitjing heime av helsesøster der dei nybaka foreldra kan stille spørsmål og få rettleing ved behov. Tryggleik og gode relasjonar frå starten av er nyttig for å førebyggje problem seinare. Eit anna kjent tiltak er vaksinasjonsprogrammet for barn.

Tre typar førebygging

Primærførebyggjande tiltak

Primærførebyggjande tiltak har som mål å forhindre helsesvikt hos friske og utsette personar. Målgruppa er heile befolkninga eller grupper av befolkninga, men tiltaka er dei same for alle. Vaksinasjonsprogrammet for barn er eit av tiltaka. Allereie i barnet sitt første leveår startar vaksinering mot difteri, stivkrampe og kikhoste, seinare og mot blant anna kusma og meslingar.

Helsestyresmaktene har helseopplysingskampanjar som til dømes kan vere om sikker sex for å førebyggje infeksjon av klamydia eller om kjønnslemlesting. Andre kampanjar kan fokusere på at spebarn skal leggjast på ryggen for å førebyggje krybbedød.

Tiltaka tek utgangspunkt i konkret kunnskap om risikofaktorar som forårsakar sjukdommen.

Sekundærførebyggjande tiltak

Eit sekundærførebyggjande tiltak er å kartleggje personar som har tidlege symptom på sjukdom, og sette i verk tiltak for stoppe den vidare utviklinga av sjukdommen. Til dømes aukar førekomsten av overvekt som ei følgje av låg fysisk aktivitet og ugunstig kosthald. Overvekt aukar risikoen for hjarteinfarkt, hjerneslag, kreft, type 2-diabetes og muskel- og leddplager. Røynsler viser at det for mange er vanskeleg å oppnå varig vektreduksjon når ein først er overvektig. Førebygging av overvekt er derfor av stor verdi. Ernæring speler ei vesentleg rolle både i førebygging og behandling av ei rekke sjukdommar og helseplager som diabetes, kreft, hjarte- og karsjukdommar, mage- og tarmsjukdommar, overvekt, underernæring og eteforstyrringar.

Tertiærførebyggjande tiltak

Tertiærførebyggjande tiltak har som mål å førebyggje forverring av sjukdom, unngå kroniske tilstandar og halde ved like funksjonsevnen hos den sjuke. Pasienten skal ikkje få det verre enn nødvendig. Handdesinfeksjon blant personalet i institusjonar er eit døme på tiltak som skal førebyggje at pasientar som allereie er sjuke, skal få ein infeksjon som ei tilleggsliding.

Typisk elles er livsstilsjukdommane hjarte- og karsjukdommar, enkelte kreftformer og osteoporose. Fysisk aktivitet er førebyggjande tiltak for alle desse målgruppene fordi det aukar blodomløpet, betrar pusten, opprettheld styrken i muskulaturen og betrar velveret for personen, men aktiviteten må tilpassast den enkelte.

Utfordringar til deg

  1. Kva for tre typar førbyggjande tiltak snakkar vi om i samband med førbyggjande helsearbeid?
  2. Diskuter påstanden som står i innleiinga:

    Det er betre og billegare å førebyggje enn å reparere og behandle skadar og sjukdom.

Relatert innhald

God helse er nært knytt til opplevinga av livskvalitet og det å meistre sin eigen kvardag.

CC BY-SASkrive av Ingvild Skjetne.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2020

Læringsressursar

Folkehelsearbeid