Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Styrkje sosiale nettverk

Sosiale nettverk har viktige helsefremjande og førebyggjande funksjonar. Korleis er det sosiale nettverket ditt bygd opp, og kva tiltak kan du gjere for å styrkje og utvide dei sosiale nettverka for pasientar og brukarar?
Ein person har ein videosamtale på nett med seks andre unge personar. Dei smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du i del 1 kartleggje ditt eige sosiale nettverk. I del 2 skal du føreslå tiltak som kan styrkje og utvide nettverka til brukarar for å førebyggje einsemd og psykiske lidingar.

Fire sirklar inni kvarandre, nummererte frå 1 inst til 4 i den ytste ringen. Illustrasjon.

Del 1. Det sosiale nettverket ditt

  1. Lag ei liste med namna på alle personane som du reknar som det sosiale nettverket ditt. Det kan vere familie, vener, medelevar, lærarar, naboar, kollegaer og andre.

  2. Teikn ein modell tilsvarande illustrasjonen på denne sida, med fire sirklar inni kvarandre, på eit A4-ark.

  3. Skriv inn namna frå lista i oppgåve 1 i sirklane, og plassar dei i den sirkelen som passar best ut frå kor nær relasjonen mellom dykk er. Hugs at nærleik ikkje nødvendigvis heng saman med kor hyppig kontakten er.

    • sirkel 1 (inst): dei aller næraste

    • sirkel 2: ikkje dei aller næraste, men viktige i livet ditt

    • sirkel 3: dei du føler tilknyting til, som har ein viss påverknad på livet ditt

    • sirkel 4: ikkje nære personar, men påverkar likevel livet ditt

  4. Bruk markeringstusjar eller fargeblyantar i ulike fargar for å merke namna du har skrive i sirklane, med ulike fargar basert på kor ofte de har kontakt. Bruk fire ulike fargar, ein for kvart av desse punkta:

    • dagleg kontakt

    • vekevis kontakt

    • månadleg kontakt

    • årleg kontakt eller sjeldnare

  5. Sjå på arket ditt og reflekter over samanhengen mellom nærleik i relasjonane og kor ofte du har kontakt med dei ulike personane.

    1. Kor mange av personane du plasserte i sirkel 1 og 2, har du kontakt med dagleg eller kvar veke?

    2. Kor mange av personane i sirkel 1 og 2 har du kontakt med årleg eller sjeldnare?

    3. Kor ofte har du kontakt med personane i sirkel 3 og sirkel 4?

    4. Kva andre refleksjonar gjer du deg når du ser på arket ditt?

  6. Diskuter i grupper eller i klassen:

    1. Korleis blir nærleiken i relasjonane påverka av kor ofte ein har kontakt?

    2. Korleis blir nærleiken i relasjonen påverka av om ein har fysisk kontakt eller berre digital?

    3. Korleis kan de styrkje eller utvide dei sosiale nettverka de allereie har?

    4. Kva kan de gjere for å byggje nye sosiale nettverk?

Del 2. Tiltak for å styrkje og utvide sosiale nettverk

Mange av brukarane i helse- og omsorgstenesta har ikkje så store nettverk, og for menneske på institusjon kan det vere utfordrande å halde kontakten med menneske utanfor.

  1. Kva tiltak kan du som helsefagarbeidar setje i verk for at brukarane på praksisstaden din kan styrkje dei sosiale nettverka sine og kanskje etablere nye relasjonar?

  2. Lag ein plan for korleis tiltaka kan gjennomførast.

  3. Viss mogleg:

    1. gjennomfør tiltaka

    2. evaluer effekten av tiltaka

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Folkehelsearbeid