Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale nettverk fremjar helse

Sosial kontakt og støtte har mykje å seie for helse og livskvalitet både i gode tider og spesielt når livet byr på ekstra utfordringar. Sosiale nettverk, både fysiske og digitale, kan førebyggje einsemd og psykiske lidingar.

Sosial kontakt og støtte er viktig for den fysiske og psykiske helsa vår fordi det fremjar livskvalitet og meistring og verkar som ein buffer mot stress.

Sosial støtte

God sosial støtte påverkar helsa vår ved å skape ei kjensle av tryggleik og tilhøyrsel, mens mangel på sosial støtte verkar negativt inn på helse og livskvalitet. Alle har behov for nokon å snakke med frå tid til anna, og kanskje er det nokon i nettverket ditt som treng at du lyttar til dei slik at dei kan snakke om problema og bekymringane sine.

Sosial støtte er spesielt viktig i og etter kriser. Menneske som gjennomgår sjukdom, samlivsbrot eller dødsfall i nær familie, har ofte stort behov for støtte frå familie, venner og kollegaer. Mange er usikre på kva dei skal seie og gjere når nokon dei kjenner har vore utsette for slike påkjenningar, men forsking viser at støtte er viktig sjølv om det ikkje alltid blir gitt uttrykk for det der og då.

Sosiale nettverk

Sosiale nettverk er ein måte å få dekt dei grunnleggjande sosiale behova våre for tilhøyrsel og kjærleik på, men òg behovet vårt for tryggleik i samsvar med Maslows behovspyramide som du kan lese om i relatert innhald. Professor Arnstein Finset definerer sosialt nettverk som "uformelle relasjoner mellom mennesker som samhandler mer eller mindre regelmessig med hverandre" (Finset, 1986, s. 13).

Omgrepet sosiale nettverk blir nytta både om fysiske sosiale nettverk med personar vi har ein personleg relasjon med, og om digitale sosiale nettverk der kontakt mellom medlemmene går berre føre seg på internett.

Digitale sosiale nettverk

Dette kan vere nettverk for personar som har ei felles interesse, driv med same idrett eller speler dei same online-spela. I digitale nettverk kan det vere personar som aldri har møtt kvarandre fysisk, men som etter kvart føler tilhøyrsel og tilknyting til gruppa fordi dei har samhandla over lang tid.

Fysiske sosiale nettverk

Fysiske sosiale nettverk er dei nettverka vi etablerer med mellom anna familie, vener, kollegaer og lagkameratar, og dei består av personar vi har ulik grad av tilknyting til. Dette er personar vi treffer med ujamne mellomrom og har kontakt med på andre måtar når vi ikkje kan treffast fysisk. For dei fleste av oss er ikkje digital kontakt ei fullgod erstatning for fysisk kontakt, men det er ein måte å gi og få sosial støtte på når vi ikkje kan møtast. Mange har familie og vener som bur i andre delar av landet eller i andre land, eller det kan vere sjukdom og smitteverntiltak som forhindrar dei frå å vere saman med sine næraste.

For unge menneske er sosiale medium og andre digitale nettverk ei vanleg kommunikasjonsform òg mellom medlemmer i fysiske sosiale nettverk. Nokre brukarar i helse- og omsorgstenesta har låg digital kompetanse og dermed behov for rettleiing i bruk av desse verktøya for å unngå sosial isolasjon når dei ikkje kan vere fysisk saman med nettverket sitt.

Sosial isolasjon

Einsemd og manglande sosiale nettverk er ein risikofaktor for både fysisk og psykisk helse. Nokre menneske vel å vere åleine og føler seg ikkje einsame, men for dei som opplever seg ufrivillig isolerte, kan mangelen på sosialt nettverk påverke helsa negativt.

Koronapandemien var ei langvarig krise som påverka oss alle i større eller mindre grad. På grunn av smitteverntiltaka med tilrådingar og pålegg om å unngå mest mogleg fysisk kontakt, kunne ein ikkje søkje sosial støtte gjennom samvær med andre. Dermed var heile befolkninga i større eller mindre grad utsett for dei negative konsekvensane av mangel på sosial kontakt, og enkelte grupper var meir utsette enn andre.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan sosiale nettverk fremje god helse og førebyggje einsemd og psykiske lidingar?
  2. Nokre menneske er meir utsett for dei negative konsekvensane av sosial isolasjon enn andre.

    1. Kva grupper trur du er mest utsette?

    2. Kvifor er disse gruppene mest utsette?

  3. Kva for nokre offentlege og frivillige hjelpetilbod kjenner du til for personar med manglande sosialt nettverk?

Kjelder

Finset, A. (1986). Familien og det sosiale nettverket. J. W. Cappelens Forlag AS.

Fjærestad, A. (2020). Sosial kontakt er viktigere enn fysisk nærhet. I Pandemi og krisepsykologi – reaksjoner, støtte og mestring (s. 23–24). Kompendium EVU kurs. Senter for krisepsykologi. Universitetet i Bergen.

Hauken, M.A. (2020). Hvordan støtte hverandre under en pandemi. I Pandemi og krisepsykologi – reaksjoner, støtte og mestring (s. 20–22). Kompendium EVU kurs. Senter for krisepsykologi. Universitetet i Bergen.

Relatert innhald

Fagstoff
Maslows behovspyramide

Behovsteori tek utgangspunkt i at vi er motiverte for å tilfredsstille behova våre. Motivasjon er eit resultat av at viktige behov ikkje er tilfredsstilte.

Fagstoff
Frivilligheit i helse- og omsorgstenesta

Frivillige organisasjonar er ein viktig ressurs i helse- og omsorgstenesta, og dei bidreg med tenester som det kommunale tenestetilbodet ikkje kan tilby.