Tilhøyrsle til fellesskapet - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Tilhøyrsle til fellesskapet

At du føler tilhøyrsle dreier seg om at du kjenner at du høyrer til hos nokon eller at du høyrer til ein stad. Alle har behov for å høyre til. Det å føle at du betyr noko, og at nokon bryr seg om deg, at du blir stadfesta, respektert og forstått, har noko å seie for helse, trivsel og tryggleik.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva gjer at du føler tilhøyrsle til ei gruppe eller til ein stad?
  2. Kva betyding har det for deg å oppleve tilhøyrsle?
  3. På kva måte påverkar det å oppleve tilhøyrsle den psykiske helsa?
  4. Kva konsekvensar trur du det har for barn og unge viss dei ikkje opplever tilhøyrsle?
Skrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021