Kostholdsplanleggeren
Programmet kan brukast av alle som vil vite kva maten inneheld og planlegge eige kosthald. Mange lærer seg å bruke programmet ved å gjennomføre ein studie av sitt eige kosthald.
Det er mange yrke der du som fagarbeidar kan ha medansvar for kosthaldet til andre menneske. Du kan dermed ha stor nytte av dette programmet. Kostholdsplanleggeren er mykje brukt i kosthalds- og ernæringsopplæringa av skuleelevar, høgskulestudentar og ernæringsrettleiarar. Han er òg eit fint hjelpemiddel for matindustrien, som kan legge inn oppskrifter og varedeklarasjonar.
Det er Mattilsynet og Helsedirektoratet som har utvikla dette verktøyet, og programmet blir jamleg oppdatert med utgangspunkt i matvaretabellen og dei gjeldande tilrådingane for kosthald i Noreg.
Du kan altså undersøke kva du eller andre et og drikk i eit visst tal dagar. Du legg inn opplysningane i programmet, og du kan velje kva du vil studere nærare. Når du skal sjå på resultata, kan du få dei presenterte som grafikk eller tal. Som tal kan resultata lastast ned og bli lagra i Excel-format, noko som til dømes gjer det mogleg å bruke dei i ein skriftleg rapport. Det går òg an å dele resultata med andre ved å sende ei lenke.
Kostholdsplanleggeren består av ei rekke profilar vi kan samanlikne med. Når du har gjennomført ein kosthaldsstudie, kan du sjå resultata av denne undersøkinga i forhold til ein slik profil eller referansegruppe og kosthaldstilrådingane som er knytte til denne profilen.
Kjønn og alder har innverknad på behovet for energi og næringsstoff. Gravide og ammande kvinner har auka behov for nokre næringsstoff, mens barn og ungdom kan ha andre spesielle behov. Det same gjeld bebuarar på ein del institusjonar. Innanfor kvar referansegruppe kan du legge inn informasjon om grada av fysisk aktivitet på fritida og aktivitetsnivået på arbeid. Slik kan du lettare samanlikne resultata dine med rett gruppe.
Alle desse tilrådingane bygger på norske tilrådingar for ernæring og fysisk aktivitet, og dei er baserte på det vi per i dag veit om kosthald og helse. Det er òg viktig å vere merksam på at tilrådingane i hovudsak gjeld for grupper av friske menneske. Når folk er sjuke eller har andre spesielle behov, må ein ha utvida og spesielle kunnskapar for å setje saman rett kost.
Sjekk og samanlikn næringsinnhaldet i maten
Her kan du søke opp matvarer og samanlikne næringsinnhaldet i inntil seks matvarer om gongen. Du kan velje kva næringsstoff du vil samanlikne.
Opprett ein vekemeny
Her kan du registrere måltida i ein vekemeny og deretter finne næringsinnhaldet for kvart enkelt måltid, for alle måltida ein enkelt dag eller for heile vekemenyen. Deretter kan du enkelt samanlikne desse tala med tilrådingane for akkurat den referansegruppa du har valt.
For å lage ein vekemeny må du velje en profil, eller referansegruppe, som består av informasjon om alder, kjønn, aktivitetsnivå og livssituasjon. Det er fleire ulike profilar å velje mellom.
Opprett ein ny rett
Her kan du legge inn eigne oppskrifter og berekne næringsinnhaldet i dei.
Opprett ei matvare
Viss matvaretabellen manglar ei matvare, kan du legge ho inn her. Desse matvarene kan du no bruke i eigne rettar eller menyar.
Dømemenyar
Her ligg det lagra ferdige menyar utarbeidde av Helsedirektoratet, for liten gut, lita jente, gut, jente, kvinne og mann. Du kan importere menyane, som då blir lagra på brukaren din. Deretter kan du endre profil etter behov og tilpasse menyane deretter. Du kan òg bruke døma som utgangspunkt for din eigen meny.
Helsedirektoratet. (2022). Dette er Kostholdsplanleggeren [nettdokument]. Oslo: Helsedirektoratet (sist fagleg oppdatert 17. august 2022, lese 21. desember 2022). https://www.helsedirektoratet.no/tema/kosthold-og-ernaering/kostholdsplanleggeren/dette-er-kostholdsplanleggeren
Relatert innhald
Ved å løyse denne oppgåva kan du blir betre kjend med Kostholdsplanleggeren.