Hopp til innhald

Fagstoff

Vegansk kosthald

Veganarar et mat som ikkje har animalsk opphav. Maten kan heller ikkje innehalde noko som har animalsk opphav. I motsetning til «vanlege» vegetarianarar et altså ein veganar verken mjølk, egg eller honning.
Frukt og grønsaker presenterte på ei skjerefjøl. Foto.

Kva er vegansk mat?

For at ei matvare – anten ei råvare, halvfabrikata eller eit ferdigprodukt – skal kunne kallast vegansk, må ho vere heilt fri for animalske ingrediensar. Ho må heller ikkje ha vore behandla eller framstilt ved hjelp av animalske ingrediensar. Dette omfattar kjøt, fisk, egg, mjølk, skaldyr, dyrefeitt, honning og absolutt alle andre ingrediensar med animalsk opphav.

Nokre døme:

  • Ti liter grønsakssuppe med berre éin terning kyllingbuljong er ikkje vegansk.
  • Ein stor, grønsaksbasert pastarett med berre eit lite dryss parmesan er ikkje vegansk.
  • Kakao laga på soyamjølk, men med kakaopulver som inneheld ørlite grann laktose, er ikkje vegansk.
  • Ei økologisk nøtte- og daddelkake som er basert på rawfood og inneheld litt honning, er ikkje vegansk.

Kva kan ein veganar ete?

Eit typisk vegansk kosthald består grovt sett av korn eller gryn, grønsaker, belgfrukter, linser, nøtter, frø og frukt. Eller med andre ord: masse mat som også «alle» andre et. Forskjellen ligg kanskje først og fremst i korleis veganarar set saman måltid. For folk som er vane med å tenkje kjøt og deretter tilbehøyr, ligg den største utfordringa i å erstatte kjøtet.

Bønner, linser og belgfrukter

Bønner, linser og belgfrukter er den absolutt viktigaste proteinkjelda. Bønner er svært allsidige, og spesielt soyabønner blir nytta i alt frå pølser til mjølk og tofu. Både linser, bønner og andre belgfrukter finst i mange fargar og fasongar. Dei blir nytta primært i gryterettar, burgarar og supper og som base for smakfulle pålegg. Dei inneheld mykje av dei «gode» karbohydrata og massevis av nyttige vitamin og mineral pluss fiber.

Ulike typar linser ligg i kvar sine rom på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korn og gryn

Veganarar et til liks med «alle» andre òg brød, ris, pasta, couscous og så vidare. Mjøl og kornprodukt gir både protein, vitamin, mineral og naudsynte karbohydrat.

Grønsaker

Alle har sikkert smakt ihelkokt gulrot og rosenkål utan å bli direkte imponerte. Det fine med grønsaker er at dei enkelt kan varierast med ulike tillagingsmetodar og ikkje minst krydder. Så derfor: Wokk dei, steik dei i omnen, bak dei, eller køyr dei til ein spennande puré. Grønsaker passar òg godt i til dømes burgarar og sausar.

Nøtter og frø

Dei fleste et kanskje nøtter mest som snacks eller som mellommåltid, men av veganarar blir dei mykje nytta – og til langt meir enn nøttesteik. Kjende og kjære produkt som pesto og peanøttsmør er i seg sjølv gode døme. Grovmalne nøtter og frø kan vere med på å gi maten ein spennande tekstur. I finmalen tilstand kan dei òg fungere som fortjukkingsmiddel eller rett og slett auke næringsinnhaldet, til dømes i smoothie.

Frukt og bær

Veganarar nyttar stort sett frukt og bær på akkurat same måte som alle andre. Som mellommåltid, i dessertar/kaker, som syltetøy, i frukostblandingar og i enkelte matrettar. Og sjølvsagt òg i smoothie. Frukt og bær er som kjent rike på antioksidantar, fiber, vitamin og mineral.

Ei skål med quinoa- og betesalat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Norsk vegetarforening.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Kosthald og helse