Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kostrettleiing

Som helsefagarbeidar skal du motivere brukarar og pasientar til å ta vare på si eiga helse, og dette inkluderer rettleiing om kosthald og livsstil. I denne oppgåva skal de utforske kostråda frå helsestyresmaktene og foreslå konkrete tiltak for å følgje desse råda i kvardagen.
Dobbel brødskive delt i to, med lauk, salat, tomat og egg, på eit matpapir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Kvar elev skriv ned eit stikkord for kvart av dei tolv kostråda på ein klistrelapp.

  2. Skriv tala frå ein til tolv på tavla eller på ein stor plakat. Alle elevane festar lappen sin for kvart kostråd på rett nummer.

  3. Les opp stikkorda frå alle lappane for kvart av kostråda i klassen.

Gruppeoppgåver

Fordel dei ulike kostråda på gruppene, gjerne ved loddtrekking. Talet på kostråd per gruppe kjem an på talet på grupper i klassen.

  1. Kvar gruppe fordjupar seg i kostråda de har fått tildelt. Ta med lappane som høyrer til desse kostråda, og vurder dei ut frå tilrådingane. Er det nokon sentrale element som manglar?

  2. Lag ei veggavis basert på stikkorda frå klistrelappane og fagstoffet om kostråda. Veggavisa skal formidle:

    • tilrådingane i kostråda de skal presentere

    • forslag til korleis ein kan følge råda i kvardagen

  3. Presenter veggavisa for resten av klassen. Gjer greie for tilrådingane frå Helsedirektoratet og grunngi forslaga dykkar til korleis ein kan følge råda i kvardagen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Kosthald og helse