Hopp til innhald

Fagstoff

Åtteregelen

Åtteregelen seier at atom med åtte elektron i det ytste skalet er stabile. Dette kan atoma oppnå ved å binde seg til andre atom.
Modell av elektronparbinding i eit klormolekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Åtte elektron ytst – stabil som ein edelgass

Åtteregelen (eller oktettregelen) er ein regel som seier at atom er stabile med åtte elektron i det ytste skalet. Edelgassane (bortsett frå helium) har åtte elektron i det ytste skalet i utgangspunktet. Edelgassane er stabile, dei reagerer i liten grad med andre atomtypar. Når eit atom har åtte elektron i det ytste skalet, seier vi at det har edelgasstruktur.

Atom som ikkje allereie har åtte elektron ytst, vil prøve å oppnå dette ved å

  • dele elektron med andre atom

  • gi frå seg eller ta til seg elektron

Åtteregelen seier at atom er stabile med åtte elektron i det ytste skalet.

Dele elektron

To ikkje-metall kan oppnå åtte elektron i det ytste skalet ved å dele på elektronpar mellom seg. Det delte elektronparet er eigd av begge atoma slik at begge "føler" at dei har åtte elektron i det ytste skalet.

I elektronparbindinger delar to ikkje-metall elektronpar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gi frå seg eller ta til seg elektron

Atom kan oppnå åtte elektron i det ytste skalet ved å få eller gi frå seg elektron eller ved å dele elektron. Dette skjer når eit metall gir frå seg elektron til eit ikkje-metall.

Modell som viser at to elektron går frå eit magnesiumatom til eit oksygenatom, og at dei to atoma dannar magnesiumoksid. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elektronegativitet – atoma deler ikkje likt på elektrona

Når atom oppfyller åtteregelen ved å dele elektron, er det ikkje alltid dei deler heilt likt på elektrona.

Nokre atomtypar trekker elektrona meir mot seg enn andre. Desse atomtypane har høgare elektronegativitet enn motparten sin.

Elektronegativitet er eit mål på kor stor evne eit atom har til å tiltrekke seg elektron i ei binding.

Periodesystemet avslører elektronegativiteten

Periodesystemet under gir oversikt over kor elektronegative dei ulike grunnstoffa er. Fluor er det grunnstoffet som har høgast elektronegativitet, og det har fått verdien fire.

Sjølv om du ikkje har gitt opp elektronegativitetsverdiane, kan du bruke plasseringa til grunnstoffa i periodesystemet til å vurdere stoff opp mot kvarandre.

Oppgåve

Studer figuren og sjå om du finn kva trend verdiane følger.

Periodesystemet til grunnstoffa med elektronegativitetsverdiar. Verdiane aukar frå venstre mot høgre og avtek nedover i ei gruppe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kva er systemet med elektronegativiteten?

Elektronegativiteten aukar på skrå oppover mot høgre

Når elektronegativiteten aukar, betyr det at evna til å trekke på elektron i ei binding blir større. I figuren over ser vi at elektronegativitetsverdiane aukar når vi går frå nedst til venstre og på skrå oppover mot høgre.

Forklaringa på dette er todelt:

  1. Når vi går bortover ein periode, aukar talet på proton i kjernen. Då aukar tiltrekkingskrafta mellom kjernen og bindingselektrona.

  2. Etter kvart som vi går oppover i ei gruppe, vil elektrona i dei ytste skala vere nærare den positivt ladde kjernen. Atomkjernen til desse stoffa vil dermed trekke sterkare på elektron i ei binding enn stoff lenger ned i gruppa.

Kjelde

Pedersen, B. (2018, 30. november). Oktettregelen. I Store norske leksikon. https://snl.no/oktettregelen

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Atom og bindingar