Hopp til innhald

Fagstoff

Kjemiske stoff

Det finst millionar av kjemiske stoff danna av 118 grunnstoff. Men kva er eit kjemisk stoff? Og kva er forskjellen på reine stoff og blandingar? Når vi skal jobbe med kjemi, må vi ha oversikt over kva dei viktigaste omgrepa tyder.
Små haugar av ulike stoff i pulverform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reine stoff eller blandingar

Vi deler gjerne stoffa inn etter om dei er reine stoff eller blandingar. Reine stoff er anten grunnstoff eller kjemiske sambindingar.

Rene stoff: grunnstoff eller kjemiske sambindingar

Grunnstoff består av berre éin type atom, mens kjemiske sambindingar består av to eller fleire typar atom som er bundne saman kjemisk.

  • døme på grunnstoff: hydrogen (H), oksygengass (O2), karbon (C) og jern (Fe)

  • døme på sambindingar: druesukker (C6H12O6), vatn (H2O) og rust (Fe2O3)

Visste du at ...

det i gjennomsnitt blir oppdaga 100 000 nye sambindingar – kvar månad?

Blandingar

I blandingar har vi fleire grunnstoff og/eller sambindingar som er blanda saman mekanisk, og stoffa er ikkje bundne saman kjemisk.

Døme:

  • Sand er ei blanding av ulike partiklar av mineral.

  • Råolje er ei blanding av ulike typar hydrokarbon som parafin, diesel og bensin.

  • Stål er ei blanding av jern og karbon.

  • Treverk/ved består av cellulose, hemicellulose, lignin, kvae og fleire andre sambindingar.

Legg merke til at alle reine stoff kan skrivast med kjemiske formlar fordi det alltid er eit bestemt mengdeforhold mellom dei ulike grunnstoffa. Til dømes H2 og CO2. Luft, som er ei blanding av fleire stoff, kan ikkje skrivast med ein kjemisk formel.

Flytdiagram som viser inndeling av stoff. Dei to hovudkategoriane er reine stoff og stoffblandingar. Innanfor reine stoff skil vi mellom grunnstoff og samband. Grunnstoff kan vere anten metall, halvmetall eller ikkje-metall. Sambindingar kan vere anten organiske eller uorganiske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk igjennom!

Du blandar salt og vatn i eit beger. Skjer det ein kjemisk reaksjon mellom salt og vatn? Kan du skilje stoffa frå kvarandre?

Skrivemåte for grunnstoff

Kjemisk symbol

Når vi skriv namnet på eit grunnstoff, bruker vi ofte det kjemiske symbolet til grunnstoffet. Symbolet er på éin eller to bokstavar, ofte henta frå det greske eller latinske namnet på grunnstoffet. Den første bokstaven i symbolet er alltid stor, og den andre er liten.

Døme på namn på grunnstoff

norsk namn

kjemisk symbol

opphavet til namnet

jernFeferrum (latin for "fastleik")
karbonCcarbo (latin for "kol")
klorClkhlōrós (gresk for "lysegrøn")
uranUuranus (den greske himmelguden)

Atomnummer og nukelontal

Atomnummeret er det same som talet på proton i kjernen. Det blir skrive med senka skrift føre det kjemiske symbolet. Nukleontalet er talet på partiklar i kjernen, altså summen av talet på proton og nøytron. Nukleontalet står med hevd skrift føre det kjemiske symbolet.

Stor C for grunnstoffet karbon med senka sekstal og hevd tolvtall føre. Sekstalet står for talet på proton som er teikna som blå kuler med plussteikn. Tolvtalet står for talet på proton og nøytron til saman. Protona er teikna som blå kuler med plussteikn. Nøytrona er teikna som grøne kuler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Jern. (2022, 10. oktober). I Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/jern

Karbon. (2023, 23. februar). I Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/karbon

Klor. (2021, 8. oktober). I Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/klor

Pedersen, B. (2018, 7. juni). Forbindelser – kjemi. I Store norske leksikon https://snl.no/kjemisk_forbindelse

Uran. (2023, 10. mars). I Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/uran

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2023

Læringsressursar

Atom og bindingar