Hopp til innhald

Fagstoff

Ionebinding og metallbinding

Kjemiske bindingar mellom atom er tiltrekkjande krefter mellom negative elektron og positive kjernar. To av hovudtypane er ionebinding og metallbinding.
Periodesystemet med bindingstypar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ionebinding – metall og ikkje-metall finn saman

Elektronpar kan også dannast ved at elektron går frå eit atom til eit anna. Natrium har eitt upara elektron i sitt ytste skal. Klor har også eitt upara elektron i sitt ytste skal.

Natrium gir frå seg eitt elektron og får overskot av positiv ladning. Det blir eit positivt ion. Klor tar til seg eitt elektron, og får overskot av negativ ladning. Det blir eit negativt ion.

Negative og positive ion blir tiltrekte av kvarandre, og det oppstår bindingar mellom iona. Som regel er det ionebindingar i stoff som består av metall og ikkje-metall.

Modellar av natriumklorid. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er aldri slik at vi har ionebinding mellom berre to enkeltion. Iona er bundne saman i nettverk av positive og negative ion. Dei utgjer det vi kallar eit ionegitter.

Ioneforbindelsar blir gjerne kalla for salt. Ordet salt i naturfag har ei vidare betyding enn i daglegtalen. Vi meiner ikkje berre det saltet som vi bruker i maten (NaCl), men alle forbindelsar der atoma blir haldne saman av ionebindingar.

Kvifor dannar metalla i gruppe 1 til 14 alltid positive ion?

Metalla har vanlegvis eitt eller to elektron i det ytste skalet sitt. Etter at dei har gitt frå seg desse, vil det skalet som no er det ytste, ha åtte elektron. I denne situasjonen er stoffa veldig stabile.

Sidan metalla gir frå seg negative elektron, får dei overskot av positiv ladning. Dei går frå å vere nøytrale atom til å bli positivt ladde ion.

Positive metallion omgitt av elektron. Illustrasjon.

Metallbinding – felles elektronsky

Metallbinding finst berre i metalla. Her gir atoma frå seg dei ytste elektrona til ei felles elektronsky. Dei positive metalliona blir tiltrekte av den negative elektronskya og held saman.

Dei laust bundne elektrona gir metalla sine særeigne eigenskapar, til dømes evna til å leie straum og varme.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2019

Læringsressursar

Atom og bindingar