Hopp til innhald

Fagstoff

Periodesystemet

Periodesystemet er ei oversikt over alle grunnstoffa etter aukande masse. Når du kjenner systemet i periodesystemet, kan du bruke informasjonen til å føreseie korleis stoff reagerer med kvarandre. Kva er eigentleg systemet?
Utsnitt av illustrasjon av periodesystemet der kvart grunnstoff er representert med ein gjenstand. Foto.

Periodesystemet

Alle grunnstoff har eit atomnummer som svarer til talet på proton i atomkjernen. I periodesystemet er grunnstoffa ordna etter aukande atomnummer. Når vi les bortover i tabellen, aukar atomnummeret med éin for kvart stoff.

Periodesystemet er nyttig når vi jobbar med stoff og reaksjonar, fordi det gir oversikt over eigenskapane til grunnstoffa og gjer at vi kan samanlikne likskapar og forskjellar mellom ulike grunnstoff. Når vi skjønner systemet i periodesystemet, treng vi ikkje å pugge eigenskapane til kvart enkelt grunnstoff.

Atommodellar over grunnstoff der elektronskal er teikna som sirklar, og elektron er teikna som prikkar. Grunnstoffa er ordna slik at alle grunnstoff som har like mange elektron i det ytste skalet, står under kvarandre i grupper. Grunnstoffa som har like mange elektronskal, står ved sida av kvarandre vassrett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er grupper i periodesystemet?

Grunnstoffa som står i same kolonne nedover, utgjer ei gruppe. Stoffa i same gruppe har liknande eigenskapar. Gruppene har nummer frå 1 til 18. Det siste sifferet i gruppenummeret svarer til talet på elektron grunnstoffet har i det ytste skalet. Denne informasjonen kan du bruke til å føreseie korleis dette stoffet reagerer med andre stoff.

Døme

  • Magnesium står i gruppe 2. Det betyr at magnesiumatom har to elektron i ytste skal.

  • Oksygen står i gruppe 16. Det betyr at oksygenatom har seks elektron i ytste skal.

Med kan vi dermed føreseie at magnesium og oksygen kan reagere med kvarandre ved at magnesium gir frå seg to elektron til oksygen. Begge vil ende opp med åtte elektron i ytste skal, og åtteregelen er oppfylt.

Atommodellar av magnesium og oksygen som viser at dei to ytste elektrona til magnesium blir overførte til oksygen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nokre grupper har eigne namn

Nokre av gruppene har eigne namn som kan gi informasjon om eigenskapane til stoffa i denne gruppa.

Gruppenamn i periodesystemet

Gruppe

Namn

Eigenskap

1alkalimetallareagerer basisk (alkalisk)
2jordalkalimetallareagerer basisk (alkalisk)
3–12innskotsmetaller metall
17halogenadannar salt (frå gresk halos, "salt", "gen", "danne")
18edelgassanegassar som i svært liten grad reagerer med andre stoff

Kva er periodar i periodesystemet?

Grunnstoff som står i same vassrette rad, utgjer ein periode. Stoffa i same periode har same tal på elektronskal, og nummeret på perioden er det same som talet på skal.

Døme:

  • Hydrogen står i periode 1 og har eitt elektronskal.

  • Kalsium står i periode 4 og har fire elektronskal.

Kvar finn vi metall og ikkje-metall?

Periodesystemet gir òg informasjon om grunnstoffa er metall, ikkje-metall eller halv-metall. Metalla står til venstre og utgjer størsteparten av grunnstoffa. Ikkje-metalla står heilt til høgre, og halv-metalla ligg mellom metall og ikkje-metall.

Oversikt over alle grunnstoff delte inn etter om dei er metall, ikkje-metall eller halv-metall.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kjelder

Pedersen, B. (2021, 27. desember). Periodesystemet. I Store norske leksikon. http://snl.no/periodesystemet

Universitetet. (u.å.). Periodesystemet. Henta 7. mars 2023 frå https://www.periodesystemet.no/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Atom og bindingar