Forsøk
Forsøk: Kva gjer at noko rustar?
Undersøk faktorar som påverkar om det oppstår rust, og kor fort rustinga skjer.
Diskuter kva som påverkar om noko rustar eller ikkje. Legg ein plan for korleis de kan undersøkje dette.
Ungdommane på figuren diskuterer kva som gjer at ein spikar kan ruste.
- Les teksten i snakkeboblene.
- Tenk for deg sjølv
Kva påstand meiner du er mest riktig?
Har du noko erfaring med rusting frå før?
Er det noko av det som blir sagt som ikkje stemmer? - Del med ein annan
Fortel kvarandre kva de har funne ut.
Er det noko de er einige i?
Er det noko de er ueinige i? - Diskuter i klassen
Kva for andre faktorar kan påverke rusting?
Korleis kan vi lage eit forsøk som simulerer rusting ?
- Sjå filmen over. Kva faktorar som påverkar at noko rustar blir undersøkte her?
- Lag hypotesar/problemstillingar om rusting som de undersøkjer.
- Gjennomfør forsøka.
- Dokumenter det de gjer med bilete eller film (til dømes timelapse).
- Presenter resultat med bilete eller film. Lag ei oppsummering der de har med kva faktorar som påverkar rust.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Når rustar jern?Når rustar jern? Prøv med like eller ulike metall, og ta bilete eller film i prosessen. Kva skjer?
Oppgåver og aktivitetar
Demoforsøk: Rask rustingRusting er ein spontan prosess, men han skjer ikkje alltid så raskt. I dette forsøket legg du forholda til rette for at rustinga kan skje på ein blunk.