Hopp til innhald
Forsøk

Når rustar jern?

Når rustar jern? Prøv med like eller ulike metall, og ta bilete eller film i prosessen. Kva skjer? Forsøk:
Vi lèt metallspikrar liggje i ferskvatn og saltløysning, med og utan lufttilførsel, i ni dagar, og ser at somme av dei rustar. Video: Tom Knudsen, Haldor Hove / CC BY-SA 4.0

Sett ein spikar opp i kvart av reagensglasa A, B, C og D. Ha ...

  • kaldt vatn i glas A, slik at spikaren berre delvis er dekt. Skal stå utan kork.
  • kokt vatn i glas B, slik at glaset blir heilt fullt og utan luft når tapen blir sett på.
  • kaldt vatn med oppløyst salt i glas C. Spikaren skal ikkje vere dekt. Ikkje tape.
  • kokt vatn med oppløyst salt i glas D. Glaset skal vere helt fullt og utan luft når tapen blir sett på.

Utstyr:

4 ugalvaniserte jernspikrar (slip av), 4 (reagens)glas, tape, koksalt (NaCl), teskei.