Hopp til innhald
Film og filmklipp

Borstål EN9 Gnistprøve

I videoen ser vi korleis vi kan ta ei gnistprøve og bli betre kjend med eigenskapane til borstålet.
Vi ser gnistprøve på stangstål av type borstål EN9. Det blir nytta vinkelslipar, så tenk HMS og hugs god beskyttelse! Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Gnistprøva til borstål blir vist som tynne strålar med tungeforma spissar, meir oransje i farge enn gul. Dette stålet gir svært gode herdeeigenskapar. Ein tilset då gjerne seigherdingsstål eller høglegert verktøystål til Bor (B). Her er få karboneksplosjonar, då innhaldet av karbon er ganske lågt, og det finst høgare legeringselement som bind stålet tettare saman. Bor er også det nest hardaste grunnstoffet etter diamant.