Forsøk: Eloksering og farging av aluminium
Aluminium er eit metall som reagerer med i lufta og dannar eit oksidlag. Dette laget vernar metallet mot korrosjon.
Ved eloksering aukar vi tjukna på det naturlege oksidlaget slik at metallet blir endå betre beskytta mot korrosjon. Oksidlaget blir danna når aluminium og oksygen reagerer med kvarandre når vi tilfører straum.
I dette forsøket skal vi i tillegg farge aluminiumsbiten ved å legge han i eit fargebad. Fargen legg seg i porene i oksidlaget.
1. Reingjering
Fest ein tråd av aluminium stramt rundt gjenstanden. Det må vere god kontakt mellom tråden og gjenstanden. Hald i tråden når du flytter gjenstanden. Viss du tek på han, kan han få merke etter fingrane. Merka vil påverke farginga.
NB: Dette trinnet må gjennomførast i avtrekk. Senk gjenstanden ned i reinsebadet med
slik at gjenstanden blir heilt dekt av løysinga. La han ligge i cirka 10 minutt. Du vil sjå at løysinga byrjar å bruse.NaOH Ta gjenstanden ut av reinsebadet, og skyl godt under rennande vatn.
NB: Dette trinnet må gjennomførast i avtrekk. Senk gjenstanden ned i reinsebadet med
slik at han blir heilt dekt av løysinga.HNO 3 Ta gjenstanden ut av reinsebadet, og skyl godt under rennande vatn.
2. Eloksering
Gjennomfør desse trinna i avtrekk.
Legg gjenstanden i eit tomt begerglas. Set blyplata ned i begerglaset. Blyplata og aluminiumstråden blir kopla til leidningar med krokodilleklemmar.
Fyll kaldt vatn i ei glasskål slik at ho blir 1/3 full. (Vatnet fungerer som nedkjøling mens elokseringa går føre seg.)
Set glasskåla og begerglaset inn i avtrekksskapet.
Fyll på med
i begerglaset slik at gjenstanden er heilt dekt. Set begerglaset ned i glasskåla med vatn.H 2 SO 4 Kople leidningane til straumforsyninga som står i avtrekksskapet. Blyplata blir kopla til minus-polen og aluminiumstråden blir pluss kopla til-polen. OBS! Pass på at det ikkje er kontakt mellom blyplata og aluminiumstråden eller gjenstanden.
Skru på straumforsyninga og auk spenninga gradvis til 12 V. Observer at du får brusing rundt dei to metallbitane slik at du er sikker på at reaksjonen skjer.
La oppsettet stå i 20–30 minutt.
Slå av straumforsyninga.
Kople leidninga frå aluminuimsgjenstanden, og set han rett i vassbadet for å skylje av syra.
Skyl godt under rennande vatn. OBS! Fingermerke vil påverke farginga. For å oppnå jamn farge må du flytte gjenstanden ved å halde i tråden og unngå fingerkontakt med gjenstanden.
3. Farging
Lag eit fargebad ved å løyse opp den fargen du vil ha, i vatn i eit begerglas.
Varm fargebadet til cirka 50 oC. Legg gjenstanden oppi fargebadet.
Auk temperaturen langsamt til cirka 90 oC. La gjenstanden ligge i 10 minutt.
Skyl godt under rennande vatn, og ta bort aluminiumstråden.
Skriv ei risikovurdering for eloksering av aluminium:
Kva faremoment kan du bli utsett for ved eloksering?
Kva HMS-tiltak bør du gjennomføre for å unngå at uhell skjer?
Kva gjer du viss det skulle oppstå uhell?
Kva teknikk blir nytta ved eloksering, og kva går han ut på?
Kva metall blir brukte i forsøket? Skriv den kjemiske formelen for desse.
Kva er det som driv denne reaksjonen?
Kvifor blir eloksering brukt som overflatebehandling?
Kva eigenskapar har aluminium?
Kva fordelar har eloksert aluminium?