Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Overflatebehandling av metall

Diskuter kva rust og korrosjon er. Undersøk korleis vi kan overflatebehandle metall, og finn ut kva effekt overflatebehandlinga har.

Diskuter

  • Er rust og korrosjon det same?
  • Kvifor blir det danna rust?
  • Blir det danna rust på alle typar metall?
  • Er rust det same som eir?

Planlegg eit forsøk

Planlegg eit forsøk der de skal vise korleis overflatebehandling påverkar om eit metall rustar, og kor raskt prosessen skjer.

Undersøk korleis ulike typar overflatebehandlingar kan motverke korrosjon på ulike metall og .

Gjer forsøk der de overflatebehandlar metall ved å bruke ein eller fleire av metodane under:

Ta bilete undervegs i arbeidet. For å dokumentere endring over tid kan det vere fint å bruke timelapsefunksjonen på ein mobiltelefon eller eit kamera.

Lag ein rapport eller ein presentasjon der de får fram korleis ulike overflatebehandlingar vernar ulike metall og legeringar.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020

Læringsressursar

Korrosjon og overflatebehandling