Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Rustindikator

Lag ein rustindikator som du kan bruke til å påvise begynnande rust.

Føremål

Føremålet med dette forsøket er å lage ein rustindikator som du seinare kan bruke for å påvise kvar det oppstår rust.

Framgangsmåte

Alternativ 1 – rustindikator som vassløysning

  1. Løys 10 g NaCl og 1 g K₃ [Fe (CN) ₆] i litt destillert vatn.
  2. Tilset 10 mL fenolftalein.
  3. Tilset destillert vatn slik at totalvolumet blir 500 mL.

Alternativ 2 – rustindikator på fast form

  1. Kok opp 250 mL destillert vatn i ein 500 mL kolbe.
  2. Tilsett 10–15 g agar. Røyr godt under oppvarming til all agaren har løyst seg opp.
  3. Løys 10 g NaCl og 1 g K₃ [Fe (CN) ₆] i litt destillert vatn. Hell over i agarløysninga.
  4. Tilset 10 mL fenolftalein.
  5. Tilset destillert vatn slik at totalvolumet blir 500 mL.

Slik bruker du rustindikatorane

  1. Legg det du vil undersøkje, i ei petriskål.
  2. Hell rustindikator i petriskåla slik at gjenstanden er heilt dekt av indikatorløysninga.

Viss det du vil undersøkje, ikkje får plass i ei petriskål, kan du drype rustindkator direkte på gjenstanden.

Kjelde

Wikipedia (2017, 27. juli). Ferroxyl indicator solution. Henta 17. januar 2020 frå https://en.wikipedia.org/wiki/ferroxyl_indicator_solution