Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksamensoppgåver i naturfag for teknologi- og industrifag

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Verktøy ryddig plassert i ein skuff. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver, der du skal velje ei av desse.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.

Oppgåve 1. Materiale og overflatebehandlingar

Tenk deg at du skal lage éin av desse gjenstandane:

  • hydraulikksylinder
  • løfteåk
  • utelampe

Vurder aktuelle materiale og overflatebehandlingar, og foreslå det materialet og den overflatebehandlinga du meiner vil eigne seg best.

  • Vurder aktuelle materiale og overflatebehandlingar.
  • Planlegg eit forsøk der du skal undersøke effekten av nokre overflatebehandlingar.
  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Gi ei kort oversikt over livsløpet til eit ferdig produkt, og vurder kor berekraftig produktet vil vere.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Overflatebehandling av metall

Forsøk: Kva vernar bilvoks mot?

Forsøk: Kva gjer at noko rustar?

Forsøk: Rustindikator

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 2. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg ut eitt eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Det kan vere aktuelt å ha med nokre av desse punkta:

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjonen frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 3. Berekraftige materiale og overflatebehandlingar

Gi ei kort oversikt over nokre vanlege materiale i bygg- og anleggsteknikk, og vurder kor berekraftig bruken av desse er.

Det kan vere aktuelt å ha med nokre av desse punkta:

  • Korleis kan vi dele inn materiale i grupper etter kva slags eigenskapar dei har?
  • Kva materiale frå bygg- og anleggsteknikk kjenner du til?
  • Vel eitt materiale eller ei gruppe materiale som du beskriv meir detaljert, til dømes

    • eigenskapar
    • pris
    • berekraft
    • overflatebehandling
  • Kva faktorar avgjer kor berekraftig eit materiale er?
  • Korleis kan overflatebehandling endre eigenskapane til materialet?
  • Korleis påverkar overflatebehandlinga kor berekraftig materialet er?
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Overflatebehandling av metall

Forsøk: Kva vernar bilvoks mot?

Forsøk: Kva gjer at noko rustar?

Forsøk: Rustindikator

Forsøk: Massetettleik i metall

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undersøkje eigenskapane til ulike materiale og overflatebehandlingar og vurdere bruk av desse i eit berekraftsperspektiv

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 4. Energi

Gi ei oversikt over ein metode for lagring og overføring av energi.

Det kan vere aktuelt å ha med nokre av desse punkta:

  • Kva er energi?

  • Ta utgangspunkt i eit forsøk du har gjort, og beskriv og forklar hovudprinsippa i metoden.

  • Vurder kor berekraftig metoden er.
  • Vurder fordelar og ulemper ved metoden.
  • Foreslå alternative metodar som ville vore betre i bestemte samanhengar.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Galvaniske element

Forsøk: Varmefaktor i ei varmepumpe

Forsøk: Solceller og verknadsgrad

Forsøk: Verknadsgrad i ein solfangar

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • undersøkje og vurdere ulike metodar for lagring og overføring av energi

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

  • Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eitt eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).

  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Kva blir meint med næringsstoff?

  • Vel eitt eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.

  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøt", eller finn ein annen påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvisning av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 6. Presenter ei sjølvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Det kan vere aktuelt å ha med nokre av desse punkta:

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?

Forslag til forsøk

Ta utgangspunkt i forsøk og praktiske oppgåver du har jobba med i samband med dette prosjektet.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald naturfagleg problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 7. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til teknologi- og industrifag og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Det kan vere aktuelt å ha med nokre av desse punkta:

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eitt eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.

Forslag til forsøk

Den praktiske delen i denne oppgåva kan bestå i å bruke den aktuelle teknologien når du presenterer og diskuterer oppgåva.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

Viken fylkeskommune. (2022, 21. januar). Muntlig-praktisk eksamen i Naturfag – Eleveksamen. https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokumenter-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-naturfag-eleveksamen.128060.aspx

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020

Læringsressursar

Eksamen i naturfag