Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Lær korleis du kan påvise protein og laktose i mjølk.

Helling av melk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Lære korleis ein kan påvise protein og laktose i mjølk.

Innleiing

Fehlings væske er ein mørkeblå løysning som skifter farge til
mursteinsraudt når vi varmar opp væska med eit monosakkarid i
tillegg til disakkarida mjølkesukker (laktose) og maltsukker
(maltose). Væska held på blåfargen når ho blir varma opp med
sukrose eller stivelse.

Framgangsmåte

Begerglass på kokeplate. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Tilset 1 dL lettmjølk i eit 300 mL begerglas. Varm opp under omrøring til 40–50 °C.
  2. Tilset ei matskei eddik. Når mjølka skil seg, kjem ostestoffa opp som ein kvit deigklump. Ostestoffa inneheld feitt og protein.
  3. Ved hjelp av ei vekt og varedeklarasjonen på mjølkekartongen kan vi sjå at det aller meste av ostestoffa er protein. Det som er att i begerglaset, kallar vi myse. Myse er i hovudsak vatn og laktose.
  4. Tilset Fehlings væske og varm opp. Kva skjer?
CC BY-SASkrive av Øyvind Bønes.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018

Læringsressursar

Næringsstoff