Hopp til innhald

Fagstoff

Målestokk

Teikningar kan vise ein reduksjon eller ei forstørring av den verkelige storleiken. Kor mange gonger storleiken er redusert eller forstørra, kallar vi målestokk.

Dersom vi skal få plass til å vise ein 5 meter lang garasje på eit vanleg A4-ark, kan vi redusere lengda 50 gonger. Då blir lengda av garasjen på papiret 500 cm : 50 = 10 cm. Vi teiknar då i målestokken 1:50.

Målestokk blir brukt i alt fra kart til teikningar av små gjenstandar. For å kunne lese og forstå ei teikning må ein alltid sjå på målestokk, elles blir det vanskeleg å skaffe seg ei oppfatning av kva teikninga syner.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Teikningsforståing