Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er BIM?

BIM står for Building Information Modeling, eller bygningsinformasjonsmodellering. I denne artikkelen lærer du om kva BIM er, og korleis bruk av denne teknologien påverkar byggjebransjen, og kanskje korleis det påverkar deg som blir handverkar.

Building Information Modelling

BIM (Building Information Modelling), eller bygningsinformasjonsmodellering, er digitale 3D-modellar fulle av informasjon om eit bygg og dei tekniske installasjonane som høyrer til. Å ta i bruk BIM har dei seinare åra vorte vanlegare og vanlegare, og det er i ferd med å bli standard på alle litt større byggjeprosjekt.

Når vi snakkar om BIM, kan det vere som modellen i seg sjølv, samtidig som det er sjølve prosessen ein arbeider etter. Om ein skal lage ein BIM-modell for bygget, blir beskrive i kontrakten med dei ulike entreprenørane.

I BIM-prosessen opprettar og bruker ein ein intelligent 3D-modell for å kommunisere og gjere gode avgjerder i ein byggjeprosess. Det er ein større kjerne av samhandling og koordinering av fleire aktørar i heile byggjeprosessen, frå start til slutt. Dei ulike aktørane står for kvar sin del av modellen, som blir synkronisert for å lage eit felles grunnlag for arbeidet som skal utførast. Med modellen i 3D som grunnlag skaper vi god kommunikasjon, samarbeid og samhandling med fleire yrkesgrupper undervegs i prosessen.

Dokumentasjonskontroll

Ein av dei store fordelane med BIM, viss det blir rett gjort, er at informasjonen om dei ulike bygningsdelane heile tida er tilgjengeleg inne i modellen. Alt frå dimensjonar og kvalitetar til pris og mengder er tilgjengeleg. Denne informasjonen kan hentast ut for å lage materiallister og pristilbod.

Frå du startar med ein idé, er BIM ei felles plattform med alle data i éin modell, slik at du har alt av dokumentasjon tilgjengeleg frå første spadetak. I planlegginga betyr det betre samhandling og informasjon mellom ingeniørar, arkitektar og kundar.

Entreprenørane, dei som skal byggje, har full kontroll frå start. Du har meir informasjon, du sparer pengar på effektiv drift, og du unngår kostbare feil i alle fasane av bygginga.

Effektivt verktøy og effektiv samhandling

Det er ikkje slik at BIM planlegg og byggjer for deg; du må sjølv gjere heile jobben. BIM er berre eit verktøy, men det effektiviserer og gjer at flest mogleg feil blir oppdaga i planleggingsprosessen, og ikkje i byggjeprosessen.

Skjermbilete frå eit BIM-program viser ein digital 3D-modell der ein ventilasjonskanal og eit avløpsrøyr kolliderer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Potensialet i verktøyet blir utnytta fullt ut først når alle aktørane i prosjektet bruker det som eit hjelpemiddel og verktøy. For å sjå moglege feil eller kollisjonar mellom tekniske installasjonar må sjølvsagt alle ta det i bruk.

Korleis trur du at BIM kan påverke korleis du arbeider som handverkar?

Sjekk kva du kan om fordelane med BIM i quizen under!

CC BY-SASkrive av Tom Eirik Nilssen og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Teikningsforståing