Hopp til innhald

Fagstoff

Teikningstypar

Det er viktig å kunne lese, forstå og følge teikningar som skal brukast i produksjon og vedlikehaldsoppgåver innan bygg- og anleggsteknikk. Det blir brukt ulike teikningstypar avhengig av formålet.
Skisse av ei bru. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikningstypar

Handteikna skisse av eit røyropplegg med måltal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skisse

Å skissere betyr å lage eit utkast eller ei omtrentleg framstilling av noko. Ei skisse i bygg- og anleggsbransjen er gjerne ei framstilling av ein konstruksjon, altså noko vi teiknar for å forklare eit konsept eller korleis noko skal byggast.

Viss vi teiknar ei rask skisse for å forklare noko for ein kunde eller kollega, treng ho ikkje nødvendigvis å vere i målestokk, men med påsette mål kan ho likevel brukast med nøyaktigheit i produksjonen. Å teikne skisser som er forståelege ikkje berre for seg sjølv, men òg for andre, er veldig nyttig for ein handverkar.

Planteikningar

Teknisk teikning som viser forskjellige rom i ein einebustad, mellom anna wc og bad der og toalett og servant er teikna inn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På ei planteikning er bygget delt i to og sett ovanfrå. Taket er altså fjerna, og du ser rominndeling og storleikar. Du kan finne plasseringa av dører, vindauge og tekniske installasjonar som røyr, elektro og ventilasjon. Dette er den mest brukte teikningstypen for dei som arbeider inne i bygget.

Planteikningar er oftast i målestokk 1:50, og dei inneheld gjerne mange mål på ulike delar av konstruksjonen. For at det skal bli enklare for den utførande handverkaren å halde styr på det tekniske, er det gjerne eigne planteikningar for røyr, elektro og ventilasjon. Det er ofte trongt om plassen, så det er viktig at du har oversikt over det dei andre faggruppene skal montere, for at det ikkje skal oppstå kollisjonar mellom dei ulike installasjonane.


Snitteikningar

Snitteikning av ein einebustad. Ho er målsett og møblar er òg teikna inn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På ei snitteikning er konstruksjonen delt i to og sett frå sida. Til forskjell frå på ei planteikning kan vi her til dømes lese av høgder på vindauge og tjukne på bjelkelag og isolasjon.

På snitteikninga for ein bustad er gjerne gesimshøgde, mønehøgde og takvinkel spesielt viktige. Du kan òg sjå kva type takstolar det er.

Den vanlegaste målestokken på ei snitteikning er 1:50.


Detaljteikningar

For å vise meir nøyaktig korleis ein konstruksjon skal byggast opp, blir det ofte nytta detaljteikningar. Slike teikningar finn vi i bruksrettleiingar for produkt og i tilvisingar frå til dømes Sintef Byggforsk. Elles kan dei vere tilgjengelege frå arkitekt, rådgivande ingeniør eller entreprenør.

Det viktige med ei detaljteikning er å få fram nøyaktig kva materiale som skal brukast, korleis dei er sette saman, og mål på dei ulike delane der dette er relevant.

I dømet under finn du detaljteikning for oppbygging av eit ringmursfundament. Trykk på teikninga for å utforske ho som ein 3D-modell.


Arealplan

Arealplan er ein teikningstype som gjerne er i målestokk 1:1000. Han viser kva eit større areal i ein kommune skal brukast til. Arealet kan til dømes vere regulert til bustadformål. Teikninga under er arealplan for Loftesnesbrui i Sogndal. Ho viser aktuelt område som gjeld for brua og ramma område (areal). Slike arealplanar blir gjerne brukte som illustrasjon, for å vise og illustrere ei "ferdig løysing".

Kart over ei bru og område på begge sider med gang- og sykkelveg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reguleringsplan

Reguleringsplanen viser korleis eit tiltak (bygg) skal plasserast i landskapet. Teikninga er ein del av den offentlege styringa og gir grunnlag for å setje ut punkt i terrenget som viser nøyaktig kvar bygget skal stå. Saman med reguleringa vil det òg vere gitt vedtak som byggehøgde og tilknyting til veg og vatn og annan infrastruktur.

Teikning med teiknforklaringar og informasjon og oversiktskart over ein ende av ei bru. Det er ulike fargar og mellom anna markert friområde, støyskjerm og busslomme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikningsliste

Teikningslista er ei oppsummering av alle teikningar og revisjonar i eit samla dokument for heile byggeprosjektet. Ein må alltid passe på å arbeide etter gjeldande revisjon (altså den siste reviderte utgåva av teikninga) for å ta høgde for eventuelle endringar.

Teikningsliste som er ein tabell med oversikt over ei rekke dokument som høyrer til eit prosjekt, med titlar, dato, revisjonsoversikt og ei kolonne for merknadar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oversiktsteikning

Oversiktsteikninga gir totaloversikta over talet på planteikningar. Denne viser to hovudplanteikningar C001 (C1) og C002 (C2) for Loftesnesbrui.

Kart der to felt er teikna inn delvis overlappande på midten av ei bru. Dei to felta mer merkte med C1 og C2. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Detaljert arealplan

Den detaljerte arealplanen inneheld grenser til ulike eigedommar, og er slik med på å fortelje kva grunneigarar som er, eller blir, ramma.

Arealoversikt for den eine enden av eit bruprosjekt. Kart over prosjektet og ein tabell i hjørnet som viser til gards- og bruksnummer det gjeld, med namn på eigarar, adresse og areal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsteikningar

Arbeidsteikningar eller byggeteikningar er ei samlenemning for dei teikningane du bruker i sjølve produksjonen. Desse viser meir nøyaktig korleis konstruksjonen skal byggast, og dei omfattar til dømes fasadeteikningar, planteikningar, snitt- og detaljteikningar.

I tillegg til alle teikningstypane som er nemnde i denne artikkelen, er det fleire typar som er knytte til bestemde faggrupper, til dømes armeringsteikning for betongarbeidaren eller systemskjema for røyrleggaren.

Oppriss for ei bru i målestokk 1:1000. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Marius Weum Stick.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2023

Læringsressursar

Teikningsforståing