Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikneoppgåve

Denne oppgåva går ut på å teikne byggteikningar digitalt og på papir. Du skal teikne 3-dimensjonale teikningar digitalt. Du skal teikne 2-dimensjonale byggteikningar på papir. Avgjer sjølv storleiken på klossane i oppgåva. Og vel sjølv målestokk du vil teikne i på papir.

Teikning digitalt

Bruk det teikneprogrammet skulen bruker. Start med enkle teikningar av klossar. Etter kvart kan du teikne det de lagar på verkstaden. Teikningar som er brukte som døme på NDLA, kan lastast ned som vedlegg. Lag gjerne byggjesett ved å setje saman bygningsdelane til komponentar.

Teikning på papir

Byggjeteikningar på byggjeplassen er på papir. Derfor er det viktig å kunne teikne enkle teikningar sjølv. Dei teikningane du teiknar digitalt, kan du teikne som byggteikningar i plan og snitt. Start med å teikne klossar sett frå forskjellige sider. Du må velje ein målestokk slik at teikninga passar arket. Bruk gjerne rutepapir, så det blir enklare å teikne rett. Teikn alltid med blyant, då kan du viske ut feil.

tegning av klosseri perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlegg

Teiknefiler for SketchUp og andre teikneprogram.

Filer

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Teikningsforståing