Hopp til innhald

Fagstoff

Byggeteikning

For deg som skal jobbe som handverkar i byggebransjen, er det viktig både å forstå byggeteikningane og kunne teikne enkle skisser for deg sjølv og andre.

Reglar for byggeteikningar

Byggeteikningar er viktige for at eit bygg skal bli slik som planlagt. For at det ikkje skal bli mistydingar, er det mange reglar for korleis teikningane skal lagast.

Strekar

  • heil strek, tyder kant på figuren
  • stipla strek, tyder kant på baksida (som ein ikkje ser)
  • tynn heil strek, tyder mållinjer

Målsetjing

Når vi bygger etter teikning, skal måla vi bruker, vere skrivne på teikninga. Derfor er alle viktige mål skrivne på mållinjer i teikninga. Måla som er skrivne på teikninga, er verkelege lengder slik dei skal vere på bygget, uansett målestokk. Mållinjene blir helst teikna på utsida av bygget med målgrenselinjer som nesten treffer kanten det skal målast frå.

2 tegninger med mål i snitt og plan. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målestokk

Byggeteikningar blir ikkje teikna i verkeleg storleik. Teikningane blir forminska slik at dei passar på store (A1) eller små (A4) papirark. Kor mykje vi forminskar, kallar vi målestokk. Ein vanleg målestokk på byggeteikningar er 1:50. Då er 1 mm på teikninga 50 mm på bygget. Det vil seie at avstandar på teikninga må gangast med målestokken for å få avstanden på bygget. Dette gjeld når vi teiknar på papir. Når vi teiknar på PC, kan vi «zoome» slik at målestokken heile tida kan varierast.

Namn på linjer og tal i ei byggeteikning

Vedlegg

Teikning for SketchUp og andre teikneprogram.

Filer

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Teikningsforståing