Eigenvurdering
Kva kan du om betongfaget?
Klarar du å svare på alle spørsmåla om betongfaget?
- Ein betongfagarbeidar jobbar innanfor tre hovudområde: armering, forskaling og støyping. I kva rekkjefølgje blir jobbane gjorde når vi skal lage ein bankett/sole?
- Nemn to måtar å binde saman armering på.
- Beskriv tre typar konstruksjonar som ein betongfagarbeidar kan byggje.
- Betong som byggjemateriale er ei blanding av fleire typar materiale. Forklar kva for materiale det er.
- Kan du beskrive nokre element som verkar inn på kva tid vi kan rive/demontere ei forskaling?
- Kan du forklare minst éin grunn til at vi legg inn armering i betongen?
- Du skal støype eit golv med lengd 6000 mm, breidd 3500 mm og tjukkleik 120 mm. Kor mykje betong, i m3, må du bestille for å få støypt dette golvet?