Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for betongarbeidaren

Betongfagarbeidarar kjem tidleg på byggjeplassen, og arbeidet går føre seg utandørs. Personleg verneutstyr som hjelm og vernesko er sjølvsagt. Både små handverktøy, store maskinar og kraner gjer at det er mange farar på byggjeplassen.
Betongarbeider med vernebriller, hjelm og hansker ved støping av betong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

HMS

Betongfaget går stort sett føre seg utandørs og er ofte eit av dei første faga på ein byggjeplass. Faget har stort spenn. Det blir brukt personleg verktøy som hammar og tong, og større utstyr som kraner og transportband. For å sikre at dei som jobbar i faget ikkje skal skade seg, er det derfor mange omsyn å ta. Dei viktigaste momenta er lista opp under.

Byggjeplass

Det skjer mykje på ein byggjeplass der det er fleire som jobbar samtidig. Materiale og utstyr blir løfta og flytta heile tida. Det er alltid fare for at små og store gjenstandar fell ned. Derfor bruker vi alltid hjelm, vernesko, arbeidsklede og vernebriller når vi jobbar på ein byggjeplass.

Betong

Den ferske betongen som vi støyper og fyller forskalinga med, er etsande og kan gi allergi dersom vi har han på huda ofte og lenge. Dersom vi får fersk betong i auga, må vi skylje godt og kontakte lege. Herda betong på utstyr har ei ru og skarp overflate som kan gi sår når vi jobbar med utstyret. Det er derfor viktig å bruke arbeidshanskar og gode arbeidsklede når vi er i kontakt med betong.

Kraner

Store forskalingselement og buntar med mykje armering blir løfta med kran. Det er viktig med rett stropping og anhuking. Vi må også passe oss så vi ikkje står under eit løft, eller slik at vi kan bli klemt mellom løftet og ein vegg.

Tunge løft

Det er mykje tungt utstyr i betongfaget. Mykje blir løfta av kraner, men noko må vi løfte sjølve. Det kan eksempelvis vere ein betongvibrator. Det er då viktig å vere i god form og å bruke rett løfteteknikk.

Arbeid i høgda

Mykje av arbeidet går føre seg i høgda med forskaling og støyping av veggar. Dette gjeld også forskaling for dekkje oppover i etasjane på høge bygg. Det er derfor viktig med personleg stroppeutstyr og sikringstiltak for å sikre at du ikkje fell ned.

Maskiner/verktøy

Kapping av forskaling krev elektrisk verktøy som t.d. gjerdesag. Ho må brukast rett så ein unngår å bli skadd av sagbladet. Det må også brukast personleg verneutstyr som hørselvern og vernebriller.

Hugs å bruke

  • hjelm
  • vernesko
  • arbeidsklede
  • vernebriller
  • arbeidshanskar
CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Betongarbeidaren