Hopp til innhald

Fagstoff

Forskaling

Forskalinga er forma som betongen blir støypt i. Ho må vere både sterk og enkel å rive etter at betongen er herda. Vi lagar forskaling i tremateriale eller av ferdige element av tre, stål og aluminium.
Bygningsarbeidar set opp forskaling. Foto.

Forskaling

Når vi skal forme betong til dømes veggar, dekkje eller andre bygningsdelar, treng vi ei form. Ei slik form kallar vi ei forskaling. Ho kan lagast på mange ulike måtar, avhengig av kva funksjon det ferdige produktet skal ha.

Under støyping og før betongen er herda, blir forskalinga utsett for store krefter. Det er derfor viktig at ho er fagmessig gjord, og har den styrken og kvaliteten som trengst.

Tips om forskaling

  • sterk nok
  • enkel å rive
  • gjenbruk

Forskaling av vegg

Etter støyping

Etter at forma er fylt med betong, må ho normalt stå i eitt døgn før ho kan rivast. Dette gjeld støttande forskaling. Om det er berande forskaling, må ho stå lenger, avhengig av temperatur.

Demontering

Når vi byggjer forskaling, er det viktig å hugse på at ho også skal demonterast/rivast. Tenk derfor på følgjande:

  • Ein må kunne demontere på ein måte som gjer at ein ikkje utset seg for unødvendig og uføresett fare.
  • Bruk ikkje meir festemiddel (spikar) enn naudsynt. Tenk over om spikaren skal ta opp krefter, eller berre halde elementet på plass.
  • Reinsk materiala for spikar etter kvart, og rydd unna materiala. Spikar med dobbelt hovud (forskalingsspikar) er lettare å dra ut.
CC BY-SASkrive av Magne Vågsland og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Betongarbeidaren