Betongarbeidaren
Betongfaget er eit ungt fag. Vi har bygt betongkonstruksjonar i om lag 100 år i Noreg. I betongfaget byggjer vi fundament, veggar, tak, golv, bjelkar, søyler, bruer, tunellar, demningar og støttemurar i betong. Alt som har med betong som byggemateriale å gjere, er knytt til betongfaget.
Utviklinga i faget har vore stor, og mykje av arbeidet er i dag forenkla ved hjelp av kraner og anna transportutstyr. Mykje av forskalingsarbeidet består i å montere og demontere element som blir sette saman som byggesett. Ferdige element for veggar, golv og søyler blir oftare brukt, og armeringa kjem gjerne til byggeplassen ferdig samansett.
Alt dette fører til behov for ein fleksibel og dyktig fagarbeidar som både meistrar arbeid med dei nøyaktige detaljane og kan dirigere tunge løft av kraner og transportutstyr.
Betongfagarbeidaren lagar forskaling/form i tremateriale til betongen, han legg inn armering/jernstenger, han støyper og tilverkar den ferske betongen på byggeplassen.
Det er også betongfagarbeidaren som lagar betongelement på fabrikk og monterer desse på byggeplassen.
Faget er ofte delt opp i operasjonar som nemnt under. Det er vanleg at ein betongfagarbeidar spesialiserer seg innanfor eit felt, som til dømes forskalingssnikkar eller jernbindar.
Arbeidsoppgåver
- forskale
- armere
- støype
- pusse
- montere
Jobbe ute
Mesteparten av arbeidet blir gjort ute heile året, så det er ein fordel at du likar å vere ute. Bygging av betongkonstruksjonar skjer over heile landet, både i og utanfor bufaste område, så det er store moglegheiter til å oppleve alle delar av vårt langstrekte land gjennom jobben.
Samarbeid og HMS
I ein byggeprosess må du ha evne til å samarbeide. Mange av byggeplassane i dag er kompliserte og tekniske. Derfor er det viktig å vise omsyn til dei andre yrkesgruppene, slik at alle partar får gjort ein så god jobb som mogleg. HMS (helse, miljø og sikkerheit) er, og vil alltid vere, eit område vi må prioritere høgt. Ingen ønskjer at nokon skal bli skadde, eller i ytste konsekvens døy, på ein byggeplass. Alle må derfor vere sitt eige verneombod. I tillegg til å passe på deg sjølv bør du sjå til at alle andre følgjer reglane som gjeld for godt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.
På nettsida utdanning.no kan du lese meir om betongfaget.
Video om betongarbeid og intervju med ein lærling i faget. (Youtube.com)