Kva er betong?
Betong er eit materiale som saman med armering toler store krefter. Han toler også påverknad frå vêr og vind.
Betong består av
- sement – hovudsakleg brend kalk og kvartsstein
- vatn – reint ferskvatn
- sand – sandkorn med storleik 0–4 mm
- stein – steinar med storleik 4–25 mm
- eventuelt tilsetjingsstoff, om vi ønskjer spesielle eigenskapar i betongen
Visste du ...
at betong har vore i bruk i ca. 100 år?
Video om sand og stein i betong
I denne videoen kan du lære om kvifor det skal vere sand og stein av alle storleiker i betongen.
Betongen blir blanda på ein betongstasjon eller på byggjeplassen. Etter at betongen er kommen i forskalinga, herdar han. Då reagerer vatnet med sementen, og betongen blir gradvis hardare. Etter 28 døgn i 20 varmegradar er han ferdig herda. Då kan vi seie at han er ferdig laga.
Styrke
For at betongen skal herde, må det vere varmegradar. Di varmare det er, di raskare herding. Om det blir kuldegradar, frys vatnet og herdinga stoppar.
Det som bestemmer styrken (hardleiken) på betongen, er blandingstilhøvet mellom vatn og sement. Dette tilhøvet kallar vi vc-talet. Meir sement gir sterkare betong.
Når vi reknar ut vc-talet, skriv vi det som eit reknestykke med brøkstrek som delingsteikn, v/c.
Døme
For å blande 1 m³ med betong kan vi bruke:
- 900 kg sand
- 900 kg stein
- 400 kg sement
- 200 kg (liter) vatn
Då blir v/c-talet: 200/400 = 0,5
Her kan du sjølv fylle ut og rekne ut v/c-talet
V = vatn C = sement.