Forsøk: Undersøk styrken til komposittar
I dette forsøket skal de utforske eigenskapar til komposittar, ein type materiale der to eller fleire materiale blir sette saman til eit nytt materiale som har andre eigenskapar. Som utgangsmateriale bruker vi det vi har tilgjengeleg på naturfaglaboratoriet.
Lag fem ulike komposittar av materiale de har tilgjengeleg.
Lag hypotesar til problemstillinga: Kva kombinasjonar av materiale vil bli den sterkaste kompositten? Sorter komposittane frå svakast til sterkast.
Legg materiala i lamineringsark, og køyr dei gjennom lamineringsmaskina.
Sjekk styrken til dei ulike komposittane de har laga. Til dette kan de bruke saks eller holemaskin. Vurder kor mykje kraft de må bruke for å klippe dykk gjennom eller lage hol i dei ulike komposittane.
Kva feilkjelder er det lurt å ha tenkt gjennom før klippinga startar? Diskuter.
Lag ei framstilling av resultata.
Avgjer om hypotesane de laga, stemde.
Diskuter resultata og aktuelle feilkjelder.
Kva andre måtar kan vi bruke for å vurdere styrken til komposittar?
I dette forsøket undersøkte de styrken til komposittar. Kva for nokre andre eigenskapar enn styrke kan det vere ønskeleg at komposittar har?
Gi døme på komposittar som blir brukt
til dagleg
på teknikk og industriell produksjon
Foreslå kva de kan gjere for å forbetre eigenskapane til komposittane de har laga. Kan de bruke materiala de har, til å lage komposittar som består av fleire enn to materiale?
Relatert innhald
Kompositt er dei materiala vi får no vi kombinerer to eller fleire ulike materiale og får eit nytt.