Hopp til innhald

Fagstoff

Helsekommunikasjon i media

Offentlege nettsider gir informasjon og råd om helse, livsstil og seksualitet. Haldningskampanjar er målretta kommunikasjon som har til hensikt å påverke livsstilen vår. Helsekommunikasjon går òg føre seg i regi av ideelle og kommersielle aktørar og gjennom erfaringsdeling i sosiale medium.
Smilande ung kvinne held opp eit brett med to glas med lilla smoothie og sugerøyr og ei flaske med mosegrønt innhald. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjonsformidling og helsekommunikasjon på nettet

Tidlegare vart mykje informasjon som handlar om helse, først og fremst formidla gjennom brosjyrar som blir delte ut på helsestasjonar og legesenter. I dag nesten all slik informasjon tilgjengeleg på offentlege nettstader.

Ein del redaksjonelle medium ser det som eit viktig samfunnsoppdrag å spreie offentleg helseinformasjon. Eit døme er informasjon knytt til smittespreiing og vaksinasjon i samband med covid-19.

Helse opptek alle menneske. Derfor er det mange aktørar på internett som spreier helserelatert informasjon. Nokre er ideelle organisasjonar som varetek informasjon til medlemmene sine. På desse nettsidene er det gjerne informasjon som er spesielt viktig for den gruppa som organisasjonen representerer. Eit døme er Kreftforeningen (kreftforeningen.no).

Det finst òg mange aktørar som formidlar helserelatert informasjon ut frå kommersielle interesser. Dei ønskjer primært å selje produkt eller tenester, og den informasjonen dei kjem med, er i mange tilfelle skjult marknadsføring.

Ei gruppe menneske med plakatar samla framom Stortinget. I framgrunnen eit stort banner med teksten "Media er viruset". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Erfaringsdeling i sosiale medium

Ein del enkeltpersonar vel å dele eigne erfaringar med andre via bloggar og sosiale medium. Det kan gi andre ei djupare innsikt i livssituasjonen deira, og dei som er i den same situasjonen, kan få gode tips. Det er viktig å vere klar over at erfaringane desse personane har gjort seg, ikkje nødvendigvis er allmenngyldige.

Nokre har ei kritisk haldning til helsestyresmakter og etablert forsking ut frå ideologisk eller religiøs overtyding. I enkelte tilfelle blir det spreidd falsk informasjon for å svekkje tilliten til styresmaktene, slik tilfellet var i samband med covid-19-pandemien.

Les meir i artikkelen Her er korona-konspirasjonene (utrop.no).

Datamaskin med plasterlappar på skjermen. Eit termometer ligg under tastaturet. Tre pilleglass i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jakta på diagnosar

Nokre hevdar at vi i vår tid har bytt ut fastlegen med Google. Ei rekkje nettstader tilbyr hjelp til å stille ein diagnose ut frå dei symptoma du opplever. Å søkje informasjon rundt dei plagene du opplever, kan vere nyttig dersom du i etterkant oppsøkjer ein lege som kan stadfeste eller avkrefte at det du har funne ut, stemmer. Omfattande googling av helseinformasjon kan òg føre til medieskapt helseangst.

Allmennlegespesialist Johan Edvard Tellum, som jobbar i Aleris, trur at sjukdomsbiletet kan bli meir dramatisk når pasientar leitar opp grunnar til symptom på internett. På nettsida til Aleris viser han til korleis eit kjapt søk på "vondt i magen" lett viser ein pasient til diagnosar som kreft, nyrestein og graviditet utanfor livmor.

Klikker du deg for eksempel inn på et forum, og du ender opp med å lese om en person med nøyaktig samme symptomer som deg, der det viste seg å være kreft eller en annen alvorlig sykdom – da er det fort gjort å bli skremt.

Tenk etter

Har du nokon gong googla deg fram til ein skummel diagnose?

Fat med frukt, bær og grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haldningskampanjar fremjar ein sunn livsstil

Ein haldningskampanje er eit samordna og tidsavgrensa kommunikasjonsarbeid. Formålet er å få personar som høyrer til ei bestemd målgruppe, til å endre haldningar, slik at dei i neste omgang endrar åtferd. Slike kampanjar tek i bruk ulike mediekanalar med innhald som appellerer både til hovudet og hjartet.

Opplysningskontoret for frukt og grønt har laga denne videoen som ledd i ein haldningskampanje for ein sunnare lunsj: Lag matpakker med Marcus & Martinus (youtube.com).

  • Kven er målgruppa?

  • Kva effekt trur du slike videoar har?

  • Er dette informasjon eller marknadsføring?

Forsking tyder på at opplysningskampanjar og haldningskampanjar verkar dersom dei blir kombinerte med andre tiltak, som endring i tilgang og pris på usunne produkt. Men det tek tid før ein ser effekten av kommunikasjonsarbeidet, og resultatet er gjerne at det er dei sunne som blir sunnare. Dei som verkeleg treng å endre haldningar og åtferd, blir påverka i liten grad.

Likevel ser vi at norske ungdommar har ein sunnare livsstil enn tidlegare på område der det har vore køyrt gjentakande opplysningskampanjar:

  • Dei et meir frukt, bær og grønsaker.

  • Dei drikk meir vatn og mindre brus.

  • Dei røykjer mindre enn før.

Hendene til ei kvinne kviler på skuldrene til ein annan person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seksualopplysning i media

Mange unge hentar informasjon om kjønnsidentitet, seksualitet og prevensjon på nettet. Det finst mange nettstader som gir seriøse svar på alt du måtte lure på, òg det du ikkje har tort å spørje andre om. Ein slik nettstad er ung.no (sjå menyen "Kropp, helse og sex").

Norske helsemyndigheiter har bestemt kva som er offisiell informasjon om desse temaa, men det finst nettstader som gir alternativ informasjon om kva som er rett og gale. Dette er nemleg eit område der informasjon og kommunikasjon kan vere farga av livssyn og etiske haldningar.

Norske frikyrkjeforsamlingar har etablert eit informasjonstilbod til ungdom om kjønn og kropp, kjensler, sex og samliv ut frå det dei meiner er eit bibelsk og kristent livssyn. Sjå nettstaden Guttogjente.no. Eit anna døme er salafismen, som er ei fundamentalistisk rørsle innan sunniislam. Salafismen har ei eiga rådgivingsside om sex og samliv på nettstaden islam.net: Ekteskap og samliv (islamqa.no).

Trass i fleire ulike opplysningstilbod viser undersøkingar at mange unge likevel hentar seksualopplysninga si frå TV-seriar, spelefilmar og pornonettstader. Ei undersøking frå 2020 viser at nesten halvparten av alle mellom 13 og 18 år seier dei har sett porno. Det gir eit medieskapt bilete av seksualitet som ofte har lite felles med røynda.

Som allmennkringkastar ønskjer NRK å bidra til ei realistisk og mangfaldig framstilling av sex, som både kan opplyse og inspirere. I 2021 etablerte NRK derfor tenesta Sex-guiden (nrk.no). Trur du unge vil bruke denne tenesta?

Ver kritisk!

Det er ikkje alltid så lett å vite kva som er faktakunnskap frå pålitelege kjelder, og kva som er marknadsføring av produkt eller tenester. Det kan dessutan vere vanskeleg å skilje den seriøse informasjonen frå den mindre seriøse. Derfor bør du alltid sjekke kva bakgrunn avsendaren har. Hugs òg at det er lett å gi seg ut for å vere lege eller kosthaldsekspert. Mange lèt seg lure av personar som opptrer på bilete i kvit legefrakk.

Den informasjonen du finn på offentlege nettsider, er kvalitetssikra av fagekspertar og er derfor til å stole på. Det hender likevel at ekspertane gjer ulike vurderingar, med bakgrunn i ulike forskingsdata, av kva som er det sunnaste kosthaldet eller den beste behandlinga av ein sjukdom. Ein gong imellom kan òg ekspertar ta feil!

Nokre nyttige nettsider

Kjelder

Aleris (u.å.). – De færreste "internett-diagnosene" stemmer. Henta 8. april 2021 frå https://www.aleris.no/medisinsk-senter/allmennlege/-de-farreste-internett-diagnoser-stemmer/

Nilsen, H. (2011, 1. oktober). – De sunne blir sunnere. Nettavisen. https://www.nettavisen.no/helsenett/helsekampanje/sunt/de-sunne-blir-sunnere/s/12-95-3242332

Udnes, L., Torstveit, M. & Lindgren, H.M. (2021, 7. april) – Helt vanlig at noen sier de liker kvelning. NRK. https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/unge-laerer-om-sex-gjennom-porno-_-mener-seksualundervisningen-ma-endres-1.15338257


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021

Læringsressursar

Medium, kropp og helse