Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter ei treningsøkt

I denne eigentreningsoppgåva skal du lage ein visuell og multimedial presentasjon av ei planlagd treningsøkt. Gjennom tekst, bilete og video skal du forklare kva du gjer, beskrive målet for økta og reflektere over gjennomføringa.
To ungdommar joggar i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Planlegg økta

Korleis planleggje ei økt?

Planlegg ei økt med eigentrening som du skal gjennomføre anten heime eller på skulen. Økta skal vere tilpassa dine eigne mål, og du kan velje mellom uthald og styrketrening. Du skal finne aktivitetsform, treningsmetodar og øvingar som motiverer deg og gir deg lyst til å trene.

Finn ei målsetjing som er relevant for deg.
Les meir om målsetjing her: Målsetjing

Vel mellom uthald (løping, sykling osv.) og styrke. Finn ei aktivitetsform som du trivst med. Innanfor denne aktivitetsforma må du finne ein treningsmetode.

Les meir om uthald her: Uthald
Les meir om styrketrening her: Styrke

Gjennomfør og dokumenter

Gjennomfør økta du har planlagt. Bruk mobiltelefonen til å ta bilete og video av deg sjølv mens du trener.

  • Ta minst fem bilete undervegs i økta.

  • Film deg sjølv:

    • Viss du trener styrke: Lag ein kort treningsvideo til kvar øving (30–60 sekund).

    • Viss du trener uthald: Lag fem korte treningsvideoar av deg sjølv i aktivitet (30–60 sekund).

Set saman materialet

Det finst mange ulike verktøy som du kan bruke for å presentere innhaldet ditt visuelt og multimedialt. Når du skal setje saman tekst, bilete og video, kan du sjølv velje eit eigna program.

Vi har brukt presentasjonsverktøyet Sway for å vise deg korleis ein digital presentasjon av eigentrening kan sjå ut. Du kan gjerne teste ut Sway, du òg!

Tips til deg som vil presentere eigentreninga med Sway

Sway er eit Microsoft Office-program som du kan bruke til å lage visuelle, interaktive presentasjonar, historier, nyheitsbrev og/eller samansette tekstar. Programmet er enkelt å ta i bruk. Viss du har Office frå før, finn du Sway i programoversikta di. Viss ikkje kan du registrere deg her og opprette ein gratis konto.

Viss du aldri har brukt Sway før, bør du lese dette:

Tips til verktøy for innhaldsproduksjon

Slik strukturerer du presentasjonen av treningsøkta

  1. Lag ei overskrift og ei innleiing der du får med treningsmetode og målet for økta.

  2. Last opp bilete og videoar, og legg dei inn.

  3. Skriv tekst til kvar video. Først skriv du eit avsnitt om øvinga: Kva går ho ut på? Så skriv du eit avsnitt der du reflekterer: Korleis var det å gjennomføre øvinga? Kva gjekk bra, og kva gjekk ikkje så bra? Kvifor / kvifor ikkje?

  4. Til slutt skriv du ei kort oppsummering. Nådde du målet ditt? Kvifor / kvifor ikkje?

  5. Når du er fornøgd, kan du dele presentasjonen med læraren din.

Relatert innhald

Nettside hos sway.office.com

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Medium, kropp og helse