Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lytt og gjer oppgåver til sjukehuspodkast

Lytt til episoden om hypotermi frå sjukehuspodkasten Diagnose, og jobb med oppgåver om lydarbeidet i han.
Logoen til podkastprogrammet Diagnose, ein pilleforma mikrofon i raudt og kvitt med stilistisk stil, på ein dus turkis bakgrunn. Illustrasjon.

Lytt til podkastepisoden om hypotermi som er laga av kommunikasjonsavdelinga til St. Olavs hospital. Hypotermi er diagnosen for når kroppen blir nedkjølt og blir for kald. Episoden finn du her: Hypotermi (spreaker.com) (20.54 minutt).

Samandrag av podkasten "Hypotermi"

"Hypotermi" er ein podkastepisode i serien Diagnose. Episoden startar med programjingle og lydklipp frå 113, med informasjon om ei ulykke i Jotunheimen: To personar har gått utfor eit stup, og den eine av dei to har truleg brekt ryggen.

Programleiar presenterer så informasjon om hypotermi, saman med John-Petter Liberg, som er overlege i anestesi ved St. Olavs hospital. Liberg har lang røynsle med å arbeide med kraftig nedkjølte pasientar. Det ligg musikk og lydeffektar under talen.

Hypotermi er det medisinske faguttrykket for ei nedkjøling av kroppen. Kroppstemperaturen vår ligg til vanleg på rundt 37 grader. Dersom han søkk til lågare enn 35 grader, snakkar vi om hypotermi. Hypotermi kan vere livsfarleg, men i enkelte situasjonar kan han faktisk òg redde liv.

Hypotermi oppstår ofte som følgje av ei ulykke. Folk kan bli nedkjølte når dei fell i vatnet, blir tekne av eit snøskred eller går seg bort på fjellet i den kalde årstida.

Ein kroppstemperatur på mellom 32 og 35 grader blir kalla for mild hypotermi. Då er ein framleis vaken, og ein skjelv fordi kroppen prøver å halde temperaturen oppe. I tillegg konsentrerer kroppen seg om blodtilførselen til dei viktigaste organa. Søkk kroppstemperaturen ytterlegare, sluttar kroppen etter kvart å forsvare seg, kroppstemperaturen fell endå raskare og ein mistar medvitet og risikerer hjartestans.

Etter denne informasjonen kjem det ein overgang med musikk.

Så fortel Tobias Matteusson frå Sverige om ei reise til Noreg saman med to venner på seinvinteren 2016. Dei tre er fjellvane, og på vegen heim bestemmer dei seg for ein siste topptur i Jotunheimen. Vêret blir dårlegare, og dei bruker kart og kompass for å finne ut korleis dei kan komme seg ned frå fjellet. Men vennene tek feil av retninga, og Matteusson og den eine av kameratane hans går utfor eit stup. Den tredje i turfølgjet unngår fallet og klarer etter kvart å varsle 113.

Når Matteusson fortel om vinden på toppen av fjellet, ligg det lydeffektar under, som vind og tråkking i spor. Sjølve fallet blir dessutan dramatisert med lydeffekter.

Overlege og programleiar presenterer så meir informasjon om hypotermi. Dei tek utgangspunkt i ulykka til Tobias Matteusson og bruker han som døme. Det ligg tidvis musikk og lydeffektar under talen.

Sjølv om Matteusson har fått mange brot i kroppen, er det nedkjøling, hypotermi, som er mest kritisk i denne situasjonen. Kroppstemperaturen hans søkk til under 26 grader og han svever mellom liv og død.

Når kroppen er sterkt nedkjølt, sluttar blodet å koagulere (klumpe seg). Derfor vil til dømes ikkje sår hos ein nedkjølt person slutte å blø. For Tobias Matteusson utgjer dette ein tilleggsrisiko fordi han har fått mange sår på grunn av fallet. Nedkjølinga fører òg til at hjartet til Matteusson stansar fleire gonger.

Lydklipp frå AMK-sentralen. Bruk av helikopterlyd og spenningsmusikk. Så meir informasjon om ulykka og om hypotermi. Tobias Matteusson og programleiar fortel.

På grunn av det dårlege vêret i fjellet på ulykkesdagen tek det fem timar før redningsmannskapa når fram. Matteusson får den behandlinga som det er mogleg å gi på staden, og deretter blir han transportert til St. Olavs hospital.

Prognosen hans er ikkje god, men for Matteusson er det faktisk ein fordel at kroppstemperaturen hans er på under 26 grader. Hypotermi er nemleg ikkje berre dødeleg, men til ei viss grad òg vernande. Blir ein person kjølt kraftig ned, vil cellene i kroppen etter kvart døy. Men nedkjøling kan òg verne personen for ei stund, for oksygenbehovet i kroppen går ned ved nedkjøling og cellene kan klare seg lenger utan tilførsel av oksygen.

Herfrå byter Tobias Matteusson, overlege og programleiar på å ha ordet; det ligg tidvis musikk under talen.

På St. Olavs hospital lykkast traumeteamet med å varme kroppen til Tobias og berge livet hans, men han ligg i koma i fem veker. I ettertid har han fått tinnitus (øyresus) og mental fatigue (mental utmatting, m.a. konsentrasjons- og minneproblem). I dag er han likevel såpass frisk at han igjen kan gå på fjelltur.

Overlegen fortel at dei fleste som blir hypoterme, døyr av det. Blant dei få som overlever, er det mange som får varige problem, til dømes problem med gangfunksjon eller minne.

Hypotermi kan ramme når som helst på året. Dersom du kjem over nokon som er nedkjølt, følgjer du vanlege førstehjelpsreglar: Prøv først å få kontakt med personen. Bruk eit minutt på å finne ut om vedkommande har pust, for pusten kan vere vanskeleg å oppdage når nokon er nedkjølt. (Det har faktisk hendt at nedkjølte personar feilaktig har blitt tekne for å vere døde.)

Pustar personen, legg du vedkommande i stabilt sideleie. Pustar personen ikkje, byrjar du med hjarte- og lungeredning. Hjarte- og lungeredning er uansett aldri feil.

Avrunding av programmet, med musikk og informasjon om dei som har medverka og produsert episoden.

Oppgåver

  1. Beskriv anslaget, og kommenter korleis du opplever det. Kva grep er gjorde i anslaget?
  2. Blir du interessert i å lytte vidare? Kvifor / kvifor ikkje?
  3. Kven er kjelder i episoden?
  4. Nemn dei ulike lydtypane du høyrer, og legg særleg vekt på musikk og effektlydar.
  5. Ta for deg minst tre lydparti som du beskriv meir i djupna. Oppgi tidspunkt for desse, og forklar kva vi høyrer, og kva som er gjort.
  6. Korleis synest du lydopptaka frå 113 fungerer i episoden, og kva gjer dette med dramaturgien og lyttaropplevinga?
  7. Hollywood-modellen vist som en graf, hvor y-aksen viser spennning og x-aksen viser tid. Grafen starter lavt nede ved anslag, og stiger noe før den flater ut ved presentasjon. Deretter stiger den kraftig ved opptrapping, flater ut ved vendepunktet, og stiger kraftig igjen fram mot klimaks. Den siste delen av grafen synker bratt via konfliktløsning og ender ved avslutning. Illustrasjon.

    Teikn opp dramaturgien for podkastepisoden (sjå korleis det kan gjerast på illustrasjonen til høgre). Når i podkasten er det meir spennande parti? Kvifor trur du podkastepisoden blei klipt saman slik?

  8. Kva er gode kvalitetar med podkastepisoden?
  9. Kva kunne vore gjort annleis?
  10. Noter ned nokre tips til deg sjølv som du kan ta med deg vidare til ein annan gong du skal lage podkast eller ein annan lydproduksjon, og fokuser særleg på dramaturgi og bruk av verkemiddel.

Relatert innhald

St. Olavs hospital starta opp sin eigen podkast i 2018 og når eit stort publikum med han. Finn ut kva sjukehuset har gjort for å byggje opp podkasten sin.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Medium, kropp og helse