Hopp til innhald
Oppgåve

Identifiser kjeldene

I denne oppgåva skal du dentifisere kjeldene til eit presseoppslag og finne ut kva interesser dei har.

Sjå korleis dei to elevane på Nordahl Grieg vidaregåande skule gjekk fram da dei undersøkte medieoppslaga om laksenæringa.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Arbeidsoppdrag

Del klassen i grupper. Kvar gruppe tek føre seg ei spesiell sak som har vore i fokus i media i løpet av den siste månaden, og der det kan tenkast at ei bedrift eller ein organisasjon er leverandør av den informasjonen som saka bygger på.

  • Kva for eigeninteresse kan bedrifta eller organisasjonen ha i denne saka?
  • Er det informasjon i denne saka som er levert av kjelda sjølv?
  • Stiller journalisten kritiske spørsmål til den informasjonen kjelda kjem med?
  • Bygger den redaksjonelle teksten berre på denne eine kjelda, eller er det brukt andre kjelder til å kaste lys over saka?
  • Er saka utforma på ein slik måte at ho kan karakteriserast som tekstreklame?
  • I kva grad er dekninga av denne saka i tråd med § 2.6 og § 3.2 i Ver Varsam-plakaten?

Relatert innhald