Vurder lokalavisa di
Gå inn på nettsidene til den lokale nettavisa i det området du bur, og vurder innhaldet.
![Ung gutt jobber foran en dataskjerm. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/tad758f4.jpg?width=1024)
Les kjapt gjennom dei tre øvste sakene.
- Finn eksempel på god, lokal nyheitsjournalistikk.
- Kva er bra i desse sakene? Kvifor er det bra?
- Finn eksempel på det du meiner er dårleg journalistikk på nettsida til avisa.
- Kvifor meiner du desse sakene er dårlege? Kva kunne vore betre?
Diskuter deretter med ein klassekamerat kva som er god lokalavisjournalistikk.
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2017