Finn nyheitskriterium
Konflikt, vesentleg, eksklusivitet, identifikasjon og nærleik, sensasjon og aktualitet er dei seks nyheitskriteria (hugseregelen er KVEISA). Kva for nyheitskriterium finn du i nettsaker frå VG og Dagbladet?
Gå inn på desse nettavisene: VG og Dagbladet
- Finn to saker som byggjer på nyheitskriteriet konflikt. Kva er konflikten i sakene?
- Finn ei nyheit som byggjer på nyheitskriteriet sensasjon. Kvifor trur du denne saka har fått plass i avisa?
- Det at noko er vesentleg, blir ofte rekna som det viktigaste nyheitskriteriet og kan knytast til journalisten sitt samfunnsoppdrag. Finn saker som er vesentlege og viktige for publikum.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2019