Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kva er journalistikk?

Fagartikkel

Forbrukarjournalistikk

Forbrukarjournalistikk er journalistikk som rettar seg til mottakaren som forbrukar. Forbrukarjournalistikk gir oss kunnskap til å kunne bruke forbrukarmakta vår, men kan også vere fordekt marknadsføring og stimulere til høgare forbruk
Undervisningsvideo om forbrukarjournalistikk. TV 2 sender framleis programserien «TV 2 hjelper deg». NRK la ned programserien «Forbrukerinspektørene» i 2018. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Forbrukarmakt og mediemakt

Ei av de viktigaste samfunnsoppgåvene media har, er å gi borgarane rett informasjon til rett tid. I det norske samfunnet er pris og kvalitet på varer og tenester i stadig større grad basert på at vi bruker makta vår som forbrukarar til å velje mellom ulike leverandørar og tenesteytarar. Slik blir prisen på elektrisk straum, renter på banklån og kvaliteten på helsetenester regulerte. Det ligg derfor mykje makt i den måten media rettleier forbrukarane på.

Sett i dette perspektivet er det problematisk når avstanden mellom redaksjonell tekst og produktlansering til tider kan vere hårfin. I dag ser vi stadig fleire døme på kjøpeknappar, nettbutikkar og andre kommersielle funksjonar knytte til redaksjonelt forbrukarstoff.

Kva er forbrukarjournalistikk?

Service- og rettleiingsjournalistikk er journalistikk som rettar seg til mottakarane som konsumentar av varer og tenester. Ofte blir slik journalistikk omtalt som forbrukarjournalistikk. Men medieforskaren Martin Eide meiner at ein må forstå omgrepet på ein snevrare måte. Ifølgje han er forbrukarjournalistikk ein journalistikk som rettar seg til mottakaren berre som forbrukar.

Alle norske borgarar er konsumentar. Vi handlar på nettet, vi går til legen når vi er sjuke, og vi bruker retten til gratis skulegang. Som kunde ønskjer vi å betale rett pris for rett vare. Som klientar og rettshavarar er vi opptekne av kompetent og rettferdig behandling. Forbrukarjournalistikk er derfor både godt og seljeleg stoff for aviser og fjernsynskanalar.

Mange annonsørar har dei siste åra teke i bruk innhaldsmarknadsføring for å bygge merkevarer og selge produkter. I ei tid med dårleg inntening gir aviser og nettaviser mykje spalteplass til slikt innhald. Desse tekstane er utforma på ein måte som lett kan forvekslast med forbrukarjournalistikk, og undersøkingar viser at mange lesarar synest det er vanskeleg å vite kva som er kva. Resultatet er at lesarane blir meir skeptiske til alt stoff som handlar om forbruk, same kven avsendaren er.

Rettleiing eller underhaldning?

Forbrukarjournalistikken har som hovudmålsetjing å rettleie forbrukaren. Undersøkingar viser at media nesten alltid vel å sjå saka frå kunden sitt perspektiv. Dette er i tråd med at journalistar tradisjonelt ser på seg sjølv som talsmenn for «den vesle mannen» i samfunnet. Resultatet er at vi får høyre lite om dei sakene der leverandørane har rett og forbrukaren faktisk tek feil.

Forbrukarprogramma på fjernsyn vel ofte ein dramaturgi med klare parallellar til fiksjonsforteljingar. Kampen mellom forbrukaren og tilbydaren blir til ein kamp mellom det gode og det vonde, eller som Davids kamp mot Goliat. Etter mykje motstand går den vesle forbrukaren til slutt sigrande ut av kampen, takk vere god støtte frå «hjelparane» i TV 2 hjelper deg.

Døme frå programmet TV 2 hjelper deg (etter 15 sekund med reklame):

Det nyoppussede badet til Isabell har blitt et mareritt: – Alt er tapt

Intimjournalistikk

Dagen etter nyttår er media fulle av «ekspertråd» om ernæring og slanking. I juni kvart år avslører Dagbladet nye, grufulle detaljar om dei farlegaste «rovdyra» i Noreg: flåtten, fjesingen og hoggormen. Denne forma for journalistikk har størst verdi som underhaldning. Spørsmålet er om alle lesarar klarer å skilje mellom underhaldning og seriøs informasjon.

Typisk for dette stoffet er at journalisten rettar seg til lesaren på ein fortruleg og intim måte, gjerne i du-form: «– Slik får du draget på damene.» Ofte blir informative tekstar kopla saman med testar der lesaren sjølv kan avsløre svakheitene sine. Ved å svare på ti enkle spørsmål får du vite om du er ein god elskar, eller kor stor risiko du har for å utvikle hjarteinfarkt.

Vekeblada har mykje stoff som handlar om trendar, motar og velvære. Mange aviser har også eigne trendbilag, til dømes med tips til innreiing av bustadar. Det redaksjonelle stoffet er ofte omkransa av reklame for dei same produkta. Slik er media med på å stimulere til at forbruket aukar.

Kjelder

Eide, M. (1992). Den fjerde servicemakt: noter til forståelse av norsk veilednings- og kampanjejournalistikk. Institutt for journalistikk, Universitetet i Bergen.

Stranden, A.L. (2016, 21. september). Lesere blander sammen journalistikk og annonsørinnhold. Forskning.no. https://forskning.no/markedsforing-medievitenskap/lesere-blander-sammen-journalistikk-og-annonsorinnhold/396218

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2017