Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I denne læringsstien blir du kjend med kva journalistikk er, og med nokre av dei saksfelta journalistar dekkjer i eit demokratisk samfunn.
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- vite kva som skil journalistikk frå andre ytringar
- kjenne til viktige saksområde i journalistikken og forstå kvifor det er viktig at journalistar dekkjer slike saker i eit demokratisk samfunn
- kunne utøve journalistisk kjeldekritikk og presseetisk skjøn i arbeid med fiktive saker