Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nyheitsmelding om trafikkulykke

Vurder ei nyheitsmelding i lys av Ver Varsam-plakaten, og samanlikn nyheitsmeldingar om ulukker i regionalaviser og tabloidaviser.

Korleis omtale ei trafikkulykke?

  1. Lytt til nyheitsopplesaren i videoklippet. Kva for delar av denne nyheitsmeldinga bryt med pressas etiske reglar?

  2. Skriv ein ny versjon av meldinga, som du meiner er i tråd med reglane i Ver Varsam-plakaten.

  3. Samanlikn dekninga av ei trafikkulykke i i ei regional nettavis og ei tabloidavis, for eksempel nettavisa til Dagbladet eller VG. Dekkjer avisene ulykka på same måte? Gjer greie for eventuelle forskjellar.

  4. Synest du avisene bryt presseetiske reglar, eller er dekninga i tråd med Ver-Varsam-plakaten?

CC BY-SASkrive av Stein Vegard Olaussen og Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Presseetikk