Kjeldeetikk og journalistisk integritet
Sjå filmen. Ein ung journalist får i oppdrag å dekke ei sak i den kommunen han har vakse opp i.
Kva etiske dilemma er det journalisten Frank står overfor når han skal dekke saka om utbygging av vindkraftverk i Ytenes?
Grunngi svaret ditt med tilvising til paragrafar i Ver Varsam-plakaten som handlar om bruk av kjelder og journalistisk integritet.
Pressens faglige utvalg: Ver Varsam-plakaten
Diskuter med ein medelev om det er rett eller gale av redaksjonssjefen å sende Frank ut på dette oppdraget.
Frank er usikker på korleis han skal vinkle saka. No skal du hjelpe han.
Skriv saka om utbygging av vindkraftverk i Ytenes slik du meiner Frank burde ha gjort det.
Grunngi den vinklinga du har valt, og måten du har valt å bruke kjeldene på.
Relatert innhald
Gjennomfør faktasjekk av kommentarar i eit Facebook-innlegg om vindmøller.