Truverd til sals? - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Truverd til sals?

I jakta på nye finansieringskjelder har mange aviser teke i bruk innhaldsmarknadsføring. Innhaldsmarknadsføring er innhald som liknar på redaksjonelt stoff, men som er betalt av annonsørar.

Innhaldsmarknadsføring har vorte ei viktig inntektskjelde for mange aviser. Her er eit par døme:

Kva er innhaldsmarknadsføring?

Omgrepet innhaldsmarknadsføring blir brukt om medieinnhald som liknar på redaksjonelt stoff, men som er betalt av annonsørar, på linje med vanleg reklame. Det er viktig å vere klar over forskjellen på tekstreklame og innhaldsmarknadsføring. Tekstreklame er fordekt bruk av redaksjonell spalteplass eller sendetid til kommersiell informasjon.

Avslører du reklamen?

Aftenposten har sett på bruk av tekstreklame på nettsidene til Nettavisen. Les artikkelen "To av disse fem sakene er reklame" hos Aftenposten.

Greier du å sjå forskjell på innhaldsmarknadsføring og redaksjonelt stoff?

Prinsippet om redaksjonell fridom

Eit mål for pressa er at lesaren skal stole meir på det som står på redaksjonell plass, enn på det som står i reklameannonsane. I § 2 i Ver Varsam-plakaten er det lagt stor vekt på at pressa skal ha integritet og ikkje la seg styre av andre omsyn enn dei redaksjonane deira har. Pressa skal opptre fritt og uavhengig overfor aktørar som ønsker å ha innverknad på det redaksjonelle innhaldet. Tanken er at ingen skal kunne kjøpe seg plass i spaltene i form av tekstreklame.

Idealet om ei uavhengig presse finn vi òg igjen i Redaktørplakaten. Den slår fast at ein redaktør alltid skal ha dei ideelle måla til dei frie media for auge. I dette ligg det at redaktøren skal "ivareta ytringsfriheten og etter beste evne arbeide for det som etter hans/hennes mening tjener samfunnet" (Norsk Presseforbund, 2019).

Både Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten er altså laga for å verne om truverdet til pressa og halde oppe ein slags kontrakt med lesaren om at pressa ikkje er "kjøpt og betalt". Når innhaldsmarknadsføring blir meir og meir vanleg, blir desse etiske normene utfordra.

Når nøda er størst

Pressa er avhengig av fleire finansieringskjelder, som sal av annonsar og sal av aviser, pluss statlege ordningar som pressestøtte og momsfritak. Med ny teknologi har forretningsmodellane òg vorte endra.

Økonomi er ei stor utfordring i heile medieverksemda. Det er mindre pengar å tene på nett- og mobilannonsar enn på annonsar i papiravisene, og tv-selskapa konkurrerer om rettar til attraktive arrangement.

Les meir om dette i fagbladet Journalistens artikkel "– Betalt innhold er fremtiden".

Nye reglar for tekstbasert reklame

I 2015 vedtok styret i Norsk Presseforbund å innlemme den tidlegare Tekstreklameplakaten i Ver Varsam-plakaten med tilvising til at tekstreklamen hadde vorte heilt annleis enn det ein i si tid laga regelverket for.

Digitale moglegheiter bidreg til å utvide gråsonene, og dette er noko anna enn den klassiske, skjulte reklamen. Det handlar òg om annonsefinansierte tv-produksjonar, produktplassering og mange andre typar marknadsføring.

Merking av innhald

Det er viktig å gjere lesarar, lyttarar og sjåarar merksame slik at dei veit kva bindingar som ligg bak ein artikkel som er sponsa, eller eit tv-program som delvis er finansiert ved produktplassering. Betalt innhald er altså ikkje noko problem i seg sjølv; problemet oppstår først når innhaldet blir snikt inn slik at lesaren ikkje kan sjå forskjell.

Kjelder

Norsk Presseforbund. (2019). Redaktørplakaten. https://presse.no/pfu/etiske-regler/redaktorplakaten/

Norsk Presseforbund. (2020). Vær Varsom-plakaten. https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/

Skrive av Grethe Melby. Rettshavar: Kampanjen for journalistikken
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021